Maria Mena
| Maria Mena | |
Maria Mena |
|
| Verkeleg namn | Maria Victoria Mena |
| Fødd | 19. februar 1986 |
Maria Viktoria Mena (fødd 19. februar 1986) er ein norsk musikar.
Innhaldsliste |
Biografi [endre]
Maria Mena blei fødd inn i ein kunstnarisk familie: Mor hennar skreiv skodespel medan faren var trommeslagar. Både Maria og den yngre broren Tony er oppkalla etter personar frå Leonard Bernstein-musikalen West Side Story.
Faren spela i fleire band i Oslo, og påverka Maria til å drive med musikk sjølv. Då Maria var ni år skilde foreldra hennar lag, noko ho tok svært tungt. Ho blei deprimert og utvikla ein spiseforstyrrelse.
Då Maria var 13 år, flytta ho til musikarfaren sin, Charles. Ho song og skreiv tekstar som terapi for følelsane og frustrasjonen ho følte. Ikkje alle dikta i dagboka hennar blei songar, men «My Lullaby» var ein av dei, og uttrykte smerta etter foreldras skilsmisse. Etter å ha bede far sin om hjelp til å lage ein demo, fekk ho sjansen til å spela inn nokre av songane sine i eit lydstudio. Far hennar hjelpte henne òg med å presentere demoen til musikkindustrien, og Sony Music skreiv snart avtale med Maria Mena.
I mars 2002 kom singelen «My Lullaby» inn på femte plass på Topp 20. Låten fekk òg høg rotasjon på NRK P1, P3, P4, Radio 1 and Radio Oslo. Den unge jenta fekk raskt ein stor fanskare, og hadde snart selt til platinaplate.
I 2004 var ho gjest på The Late Show with David Letterman.
I 2005 ga Mena ut albumet Apparently Unaffected, som fekk svært gode kritikkar. Plata førte til tre spellemannsnominasjonar; beste kvinnelege artist, beste låt og beste musikkvideo – dei to siste for fyrstesingelen «Miss You Love». Under Spellemannprisen 2008 vann ho endeleg ein spellemann, og det i klassen beste kvinnelege artist for plata Cause and Effect.
Discografi [endre]
Album [endre]
- Another Phase (2002) #9 i Storbritannia, #6 i Noreg
- Mellow (2004) #1 i Storbritannia, #7 i Noreg
- White Turns Blue (2004) #102 i USA
- Apparently Unaffected (2005) #6 i Noreg
- Cause and Effect (2008)
Singlar [endre]
- «Free» (2002)
- «My Lullaby» (2002) #5 Norway
- «You're The Only One» (2004) #1 Danmark, #8 Noreg, #8 i Chile
- «Miss You Love» (2005)
- «Just Hold Me» (2005)
- «All this time» (2008)