Maria Theresia av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Theresia måla av Jean Nocret.

Maria Theresia (10. september 163830. juli 1683) var dronning av Frankrike gjennom ekteskapet sitt med Ludvig XIV. Ho var dotter av Filip IV av Spania.

Ekteskapet med Ludvig var politisk motivert, som ein del av ein avtale med Spania. Samlivet vart difor ulykkeleg, då kongen var mest oppteki av elskarinnene sine. Blant desse elskarinnene var Madame de Maintenon og Madame de Montespan. Maria Theresia fekk stort sett vere i fred med interessene sine, så lenge ho ikkje klaga på kongen sin utanomekteskaplege eventyr.

Då ho døydde i 1683 i Versailles var det mange som mistenkte at ho ikkje døydde naturleg. Det finst likevel ingen bevis for dette.

Maria Theresia og le Grand Dauphin, måla av Charles Beaubrun.

Av Maria Theresia sine seks born var det berre eitt som levde til vaksen alder, sonen Ludvig, le Grand Dauphin, som han vart kalla, og som døydde i 1711, før han fekk teke over den franske trona.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maria Theresia av Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]