Mariakyrkja i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°23′55″N 5°19′22″E

Mariakyrkja
Bergen mariakirken2.jpg

Bryggen i Bergen

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Prosti:  Bergen
Vigd til:  Jomfru Maria
Innvigd:  Ukjend
Endringar:  Utvida i 1198, restaurert 1248, 1860-1874
Kyrkjegard:  Gamal kyrkjegard ikkje i bruk, gravstøtter frå 1700- og 1800-talet
Arkitektur
Periode: Romansk med gotisk kortilbygg
Arkitekt:  Bygghytte
Teknikk:  Mur, kvelv
Mål:  Heil lengd 40 m, skip 23 m, breidd 18 m
Tårn:  To vesttårn
Portal:  Fire, sørportalen romansk, bevarte kapitelar
Kor:  Gotikk 17 m x 10 m
Skip:  Midtskip, to sideskip
Kyrkjerommet
Preikestol:  Hollandsk, Hemisfære med stjerneteikn, statuar av dydar
Diverse:  Murmaleri i skip og sideskip, statuar av apostlar i koret. Eksteriøret av kyrkja er skada av eksos og sur nedbør
Commons-logo.svg
Mariakyrkja i Bergen på Commons

Mariakyrkja eller Mariakirken i Bergen er den mellomalderkyrkja i byen som er best teken vare på. Mariakyrkjer fanst òg i Nidaros, Oslo, Sarpsborg og Tunsberg. Desse kyrkjene vart oppkalla etter den heilage jomfru Maria.

Sørportalen.

Truleg er Mariakyrkja det eldste bygget i Bergen som framleis står. Det eldste murverket er frå midtre del av 1100-talet, bygd med kleberstein frå LyklingBømlo. Mariakyrkja har to tårn, og er i romansk stil med innslag av høggotiske drag i koret. Kyrkja har Noreg sitt fyrste vindauga av glas. Det fekk ho i 1336, då eit tysk glasmåleri vart testamentert til kyrkja og sett inn i ein glugge i den nordlegaste korveggen.

Kyrkja er ein basilika, ho har eit langhus med eit høgt midtskip og to lågare sideskip. Midtskipsmurane har arkaderekkjer med pillarar knytt saman med bogar og triforiegangar inne i murverket med todelte opningar inn mot kyrkjeromet. Det er ikkje klerestorievindauge over triforiegangane slik det vanlegvis er i ein basilika. Kyrkja har to vesttårn og fire portalar. Den vakraste er sørportalen som er seinromansk.


Historie[endre | endre wikiteksten]

Utsnitt av Scholeusstikket (1580) viser (C) «S. Marien, der Teutschen kaufleut kirch».

Kyrkja ligg bak den nordlegaste delen av Bryggen. Denne delen av Bryggen brende ned til grunnen i 1955. Kyrkja er truleg bygd ei gong på på 1100-talet, mellom 1130 og 1170. Mariakyrkja brende i 1198 og 1248. Etter 1248 vart koret påbygd. Det opphavlege koret er den delen som ligg vest i koret.

Kyrkja var soknekyrkje for dei tyske kjøpmennene i Bergen mellom 1408 og 1766. Eit anna namn på desse kjøpmennene var hanseatane. Kyrkja vart teken over av kongen etter at dei siste bryggegardane hadde vorte selde. Etter den tid var Mariakyrkja kyrkje for den tyske kyrkjelyden i Bergen til ho i 1874 vart vanleg soknekyrkje. Fram til 1906 var det nokre tider gudsteneste på tysk. Sjølv etter den tid har kyrkja på folkemunne vorte kalla «tyskekirken» eller «tyskekyrkja».

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Alterskåpet[endre | endre wikiteksten]

Alterskåpet

Mariakyrkja har eit av dei finaste alterskåpa som finst i noka norsk kyrkje. Det er truleg laga i Lübeck mot slutten av 1400-talet. Det er tredelt og når det er ope, ser vi inn i ei framstilling av himmelen. Dette ser vi av di der er gullgrunn bak figurane. Figurane vert då omgjevne med eit himmelsk ljos. I midten finn vi jomfru Maria med barnet. Kring henne er Olav den heilage, under han den heilage Antonius. På den andre sida finn vi St. Katharina fra Alexandria og under henne St. Dorothea frå Cesarea i Kappadokia. På fløyane finn vi alle apostlane med unntak av Judas. Judas er erstatta med Paulus. Når skåpet er lukka finn vi måleri på baksida med Jesus sin fødsel, Dei Vise Menn si tilbeding, den heilage Birgitta sin visjon slik ho fekk den han på ei pilegrimsferd til Betlehem i 1372 og den såkalla Gregormessa. Gregorsmessa gjev uttrykk for dogmet om at brødet og vinen bokstaveleg tala vart endra til Kristus sin lekam og blod. Framstillinga ovanfor av ei krossfesting er ei seinare tilføying.

Orgelet[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste organisten i Mariakyrkja er nemnd i 1563, so det er rimeleg å tru at kyrkja hadde orgel allereie då. Eit nytt orgel stod klart i 1865, og vart ombygt av Heinrich Ivers i 1928.

Det noverande orgelet vart bygt av Paul Ott frå Göttingen, Tyskland i 1974. Som dei tidlegare instrumenta var det ei gåve frå kyrkjelydar i den evangelisk-lutherske kyrkja i Tyskland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mariakyrkja i Bergen

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lidén, Hans-Emil [med engelsk omsetjing ved Eva Anderson], Mariakirken i Bergen, Bergen 2000: Mangschou. ISBN 82-91948-06-2
  • Lidén, Hans-Emil og Magerøy, Ellen Marie, NORGES KIRKER bind 1 Bergen, Oslo 1980. ISBN 82-05-12368-3
  • Kloster, Robert, Mangfold og Enhet, En analyse av Mariakirkens prekestol fra 1677, Bergen, Oslo, Tromsø 1980: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-01797-4