Mariann Vestbøstad Marthinsen
Mariann Vestbøstad Marthinsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. september 1984 (39 år) |
Idrett | para swimming, langrenn |
Tok del i |
Paralympiske sommarleikar 2004, Paralympiske sommarleikar 2008, Paralympiske vinterleikar 2010, Paralympiske sommarleikar 2012, Paralympiske vinterleikar 2014 |
Utmerkingar |
Egebergs Ærespris, Erling Stordahls ærespris, Regjeringens paralympiske ærespris |
Mariann Vestbøstad Marthinsen (fødd 9. september 1984) er ein norsk symjar og langrennsløpar frå Fitjar. Ho er mellom dei beste handikapsymjarane i verda. Ho tevlar for klubben Vestkantsvømmerne i Bergen, der ho også bur og er vernepleiarstudent. Då Vestbøstad var to år gamal, måtte ho amputera høgrefoten. Til vanleg brukar ho ei beinprotese. Hausten 2009 gifte ho seg og tok namnet til ektemannen, Marthinsen.
Mariann Vestbøstad har vunne drøye tretti NM-gullmedaljar og ei VM-gullmedalje og ein sylmedalje, og har sytten verdsrekordar i ulike øvingar. I Paralympics i Beijing 2008, tok ho bronsemedalje på 100 meter rygg. I 2004 deltok ho i Paralympics i Aten og i Beijing i 2008. Ho vart kåra til årets funksjonshemma utøvar i Noreg for 2005 på Idrettsgallaen i 2006.
Under Paralympics i Vancouver i 2010 var Vestbøstad norsk flaggberar. Her deltok ho i langrennspigging, og tok ein femteplass. I februar tok ho sin fyrste gullmedalje i langrenn, under sprint i Oberried i Tyskland. Under Ridderrennet i april same året vart ho tildelt Erling Stordahls ærespris for prestasjonane sine som handikappa idrettsutøvar.[1] I mai 2013 vart ho tildelt Egebergs Ærespris.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Valdres.no: Mariann Vestbøstad Martinsen tildelt Erling Stordahls ærespris, arkivert frå originalen 10. mai 2010, henta 2. juni 2010
- ↑ Idrett.no, 13.05.13: Kammerherre Egebergs Ærespris 2013
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Mariann Marthinsen» (på engelsk). Paralympic.org. Henta 16. april 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1984
- Norske symjarar
- Norske langrennsløparar
- Norske handikappidrettsutøvarar
- Paralympiske meistrar for Noreg
- Paralympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Paralympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under Paralympiske sommarleikar 2004
- Symjarar under Paralympiske sommarleikar 2004
- Norske deltakarar under Paralympiske sommarleikar 2008
- Symjarar under Paralympiske sommarleikar 2008
- Norske deltakarar under Paralympiske vinterleikar 2010
- Langrennsløparar under Paralympiske vinterleikar 2010
- Norske deltakarar under Paralympiske sommarleikar 2012
- Symjarar under Paralympiske sommarleikar 2012
- Norske deltakarar under Paralympiske vinterleikar 2014
- Langrennsløparar under Paralympiske vinterleikar 2014
- Vinnarar av Egebergs Ærespris
- Folk frå Fitjar