Marianne Faithfull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marianne Faithfull i 2007

Marianne Faithfull, (fødd 29. desember 1946) i London, er ein britisk songar, låtskrivar og skodespelar.

Faithfull slo gjennom i 1964 med låten As Tears Go By. skriven av Mick Jagger, Keith Richards og Andrew Loog Oldham. Ho fylgde opp med tre hittar i 1965; Summer Nights, Come and stay with me og This Little Bird.

Dei neste åra var ho mykje i rampelyset som kjærast til Mick Jagger. I fleire år nytta ho store dosar av narkotiske stoff, og var sågar heimlaus ei tid.

Faithfull kom tilbake på musikkscena i 1979 med albumet Broken English, hennar musikalske høgdepunkt. I det kritikarroste albumet syng ho om kvinner som trassar tunge lagnader, men opprettheld sjølvrespekten. Musikkstilen i albumet er i slekt med tidleg syntpop, av musikkgrupper som Ultravox og Visage.

Broken English etablerte henne som musikant med ein heilt ny eigenart. Ho har sidan då spela inn musikkalbum og turnert jamt og samt.

Faithfull har som skodespelar medverka i fleire filmar, mellom anna i filmen Marie Antoinette frå 2006. der ho spela Maria Teresia.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

==Album=='

  • Broken English (1979)
  • Dangerous Acquaintances (1981)
  • A Child's Adventure (1983)
  • Rich Kids Blues (1985, innspela 1971)
  • Strange Weather (1987)
  • Blazing Away (1990), Live!
  • A Secret Life (1995)
  • Kissin' Time (2002)
  • Before the Poison (2005)
  • Easy Come Easy Go (2009)
  • Horses and High Heels (2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marianne Faithfull

Kjelder[endre | endre wikiteksten]