Marianne Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marianne Heiberg (7. desember 194525. desember 2004) var ein norsk ekspert på Midt-Austen.

Heiberg tok utdanning i samfunnsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1971. Ho fullførte ein doktorgrad om baskarane i Spania ved London School of Economics and Political Science i 1981.

Ho var tilsett ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) frå byrjinga av 1980-åra, der ho arbeidde med Midt-Austen-spørsmål, og studerte etniske konfliktar og fredsskapande arbeid. I 1994 var ho fungerande direktør for prosjektering og utvikling ved FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, UNRWA sitt feltkontor i Jerusalem. Frå 1995 til 1997 var ho spesialrådgjevar for generaldirektøren i UNESCO i deira Kultur for fred-program.

Marianne Heiberg var gift med Johan Jørgen Holst, og var ein sentral aktør i arbeidet med Oslo-avtalen.

Ho var syster til Karin Stoltenberg og dermed tante til Jens Stoltenberg.

Heiberg døydde av eit hjarteinfarkt.

Bakgrunnsstoff [endre]