Marianne Kaurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marianne Kaurin

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1974 (50 år)
Yrke romanforfattar, skribent
Periode 2012-
Debut Nærmere høst

Marianne Kaurin (fødd 18. mai 1974)[1] er ein norsk forfattar.[2]

Kaurin har gått forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt og debuterte i 2012 med ungdomsromanen Nærmere høst.[2] For debutboka fekk ho Kulturdepartementes debutpris for barne- og ungdomslitteratur[3] og U-Prisen. I grunngjevinga for tildelinga av debutprisen til Kulturdepartementet skreiv juryen mellom anna: «'Gjennom eit språk med uvanleg god flyt og med mange nyansar klarer Kaurin å lage ei politisk forteljing som har aktualitet langt utover andre verdskrigen. Det velformulerte språket hennar og dei godt tima skifta av synsvinkel mellom personane i romanen bidreg til å blåse nytt liv i den historiske romanen for ungdom.'».[4] I 2019 fekk ho Aschehougs barnebokpris[5]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Nærmere høst – Ungdomsroman
  • 2016 – Deres Majestet – Barnebok
  • 2018 – Syden – Barnebok

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Marianne Kaurin (18.05.1974)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 12. august 2013. 
  2. 2,0 2,1 ««Marianne Kaurin»». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 21. mars 2013. 
  3. ««Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2012»». Norsk Barnebokinstitutt. 14. mars 2013. Henta 21. mars 2013. 
  4. ««Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomsbøker utgitt i 2012»» (PDF). Norsk Barnebokinstitutt. Henta 21. mars 2013. «Gjennom et språk med usedvanlig god flyt og med mange nyanser klarer Kaurin å lage en politisk fortelling som har aktualitet langt utover andre verdenskrig. Hennes velformulerte språk og godt timede skifter av synsvinkel mellom romanens personer bidrar til å blåse nytt liv i den historiske romanen for ungdom.» 
  5. Aschehoug barnebokpris til Marianne Kaurin – NBU, henta 11. november 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]