Marie Lovise Widnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Lovise Widnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1930
Vanylven kommune
Død

19. november 2021 (91 år)

Yrke politikar, songtekstforfattar
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Born Asle Geir Johansen

Marie Lovise Widnes (1. november 193019. november 2021)[1] var ein norsk diktar, forfattar, kåsør, songar, SV-politikar og husmor. Widnes vart fødd i Vanylven i Møre og Romsdal. Ho flytta til Hareid med familien i 1963.

Marie Lovise Widnes skreiv mellom anna visa «Gangdøra». Visa kom på singelplate i 1957, vart ein radioslager og gjorde henne nasjonalt kjend.[2] Ho turnerte for mellom anna Folkeakademiet og Norsk Forfattersentrum frå 1949. Som tradisjonsberar song og las ho inn 134 gamle viser, regler og barnesullar for FAMR, folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

Widnes vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal for SV i 1989. Ho var også vararepresentant i perioden 1954–1957 for AP. Ho var medlem i Hareid kommunestyre 1971-1975, 1983-1987 og 1987-1989, og medlem av Møre og Romsdal fylkesting 1975-1979, 1979-1983, 1983-1987. I mai 2010 melde ho seg ut av SV.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Offentlege verv[endre | endre wikiteksten]

Tillitsverv i politiske parti[endre | endre wikiteksten]

  • Sekretær Hareid Sosialistisk Venstreparti 1975-1976, leiar 1978-1979, sekretær 1980-1981
  • Leiar SVs fylkestingsgruppe i Møre og Romsdal 1975-1987
  • Nestleiar Hareid SV 1976-1977
  • Medlem styret for Møre og Romsdal SV 1989-1997
  • Medlem SVs landsstyre 1995-1997

Tillitsverv i organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Sekretær Syltefjord Ungdomslag 1944-1946, leiar 1949-1950
  • Leiar Hareid Ungdomslag 1968-1970
  • Leiar Hareid Mållag 1987-1990, 1997-2002
  • Leiar Møre og Romsdal forfatterlag 1988-1989, kasserer 1997-1999
  • Medlem styret for Nei til EU i Møre og Romsdal 1994-1999
  • Medlem styret for Sunnmøre Mållag 1998-2000, leiar 2000-2005
  • Kasserar i Hareid Pensjonistlag 2007-

Andre administrative verv[endre | endre wikiteksten]

Medlem nemnda for Sunnmørsprisen 1969-1990

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne bøker

  • Gangdøra og andre viser, Tiden Norsk Forlag, Oslo 1958
  • Kvardagsdikt, Forum for kristne sosialitar, Oslo 1979
  • Idsø, Liv Marit og Marie Lovise Widnes: Marie Lovise Widnes, tusenkunstnar og kvardagsmenneske, Det Norske Samlaget, Oslo 1986
  • Fragler - finst dei?, eige forlag, Hareid 1993
  • Målet hennar mor, eige forlag, Hareid 2001
  • Frå alle mine strengar - Dikt i samling, eige forlag, Hareid 2003
  • Ein glytt innom gangdøra, Setesdalsforlaget, Valle 2012
  • Utvalde dikt 1942-2016, Osberget, Ulsteinvik 2016

Andre bøker

  • Fet, Jostein: Sunnmørsdiktarar 1600 - 1975, Det Norske Samlaget, Oslo 1977
  • Furseth, Astor, Ivar Grimstad og Ellinor Lervik (red.): Ut fjorden: ein antologi frå Møre og Romsdal forfattarlag, Det Norske Samlaget, Oslo 1986
  • Ellingsen, Svein: Da tenner moder alle lys: julen i norske dikt fra Wergeland og Landstad til våre dager, Aschehoug, Oslo 1991

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

78-plater utgjevne på Philips
  • Gangdøra(Elis Olsson/Marie Lovise Widnes)/Ei vise om ord (A.Berggren-T. Braarvig/Marie Lovise Widnes) - 14.08.1957
  • Framtidsdraumar(Kolbjørn Svendsen/Widnes)/Ein laurdagskveld (Trad./Widnes) - 14.-15.08.1957
  • Gniaren(Trad/Widnes)/Truls og Basse (Widnes)- 14.-15.08.57
  • Kjærleiksvegen (Widnes)/ Visa om bestemor (Trad ./ Widnes) - 15.08.1957
  • Kjærleik med forviklingar (A.Underdal/ Widnes)/Ei vise om kjærleik og dårskap (Trad. /Widnes) Ca. 15.08.1957
  • Klagesongen (Trad. / Widnes)/Kvardagsfilosofi (Trad./ Widnes) - Ca. 15.08.1957
  • Holebuarvise (Widnes)/ Guden og jenta (Widnes) - 1964
EP-plater (Philips)
  • Gangdøra/Ei vise om ord /Framtidsdraumar/Ein laurdagskveld.
  • Kjærleiksvegen /Visa om bestemor/Kjærleik med forviklingar/Ei vise om kjærleik og dårskap
Samle-EP-ar
  • Barnas plate nr. 1 - Philips

(Widnes: Truls og Basse/Alf Prøysen:Gutteklubben Varg/Magne Ove Larsen:Kom alle sammen bli med../Karsten Byhring: Guttas kjøkkenvise)

Samle-LP-ar
  • Solid norsk gull (1974) (Philips) (Inneheld Gangdøra)
  • Lirekassen nr 26 (Inneheld Gangdøra)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marie Lovise Widnes er død», Synste Møre, 19. november 2021, henta 19. november 2021 
  2. Sætre, S.M. (2021, 26. november). Marie Lovise Widnes (1930-2021). Dag og Tid, s. 14.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]