Marie Wexelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Wexelsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1832
Østre Toten kommune
Død

7. desember 1911 (79 år)
Trondheim

Yrke skribent, barnebokforfattar, lyrikar

Marie Wexelsen (fødd 20. september 1832 på Sukkestad i Østre Toten kommune, død 1911 i Trondheim) var ein norsk forfattar og salmediktar. Hennar mest kjende salme er «Eg er så glad kvar julekveld» (Norsk Salmebok nr 60), som stod i den første publikasjonen hennar, Kjetil. En liten julegave for barn som var på 16 sider og kom ut i 1859 og sidan i fleire opplag. Melodien er av organist Peder Knudsen frå same år.

Det fulle namna hennar var Inger Marie Lyche Wexelsen, ho var den yngste av borna til gardbrukar Wexels Hansen Wexelsen og hustrua hans Marie Lyche Wexels, som var fetter og kusine. Marie budde heime hos foreldra sine så lenge dei levde, sidan budde ho i Kristiania, i tolv år var ho lærarinne på Hamar, dei siste åra av livet sitt budde ho i Trondheim. I 1878 gjekk ho på Askov folkehøgskule, og ho kjende seg sterkt knytt til Danmark og impulsane frå Grundtvig.

Husmannssonen, læraren og diktaren Ole Vig var ven av bror til Marie, Fredrik Wexelsen. Ole Vig vart betatt av den vene og oppvakte Marie. Omsider tok han mot til seg og skreiv eit brev til henne der han sette ord på dei inste kjenslene sine for henne, og han avsluttar brevet med å fri. Svaret vart negativt, for sjølv om ho følte eit varmt venskap til han, var det ikkje nok for eit evigvarande ekteskap. Avslaget gjekk sterkt inn på Ole Vig, men gjennom det korte livet sitt var han trufast i kjærleiken sin til Marie. Venskapen mellom dei heldt livet ut, og begge vart verande ugifte. Mykje tyder på at ho inst inne gjengjelde kjærleiken hans, men sjølv om familien Wexelsen var tolerant i haldningane sine, var det kanskje for stort sprang å ta til ekte ein husmannsgutt frå Stjørdalen. Då Ole Vig døydde skal Marie ha sagt: «Eg er i grunnen Ole Vigs enke».

I 2003 vart det reist eit minnesmerke over Marie Wexelsen på Lena i Østre Toten kommune laget av bilethoggaren Angelina Engelsen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Publikasjonar av Marie Wexelsen i BIBSYS
  • Kjetil. En liten julegave for barn 1858
  • Bestefar Hartvig og lille Inga
  • Ragnar
  • Steffen. En gammel prestedatters ungdomsminner
  • Vesle Kari eller de foreldreløse
  • En liten barnebok med rim og småhistorier

Kjelder[endre | endre wikiteksten]