Marija Itkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marija Itkina


Fødenamn Мария Леонтьевна Иткина
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen, Belarus
Fødd 3. mai 1932
Roslavl
Død

1. desember 2020 (88 år)
Minsk

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Marija Leontjevna Itkina (3. mai 19321. desember 2020) var ein sovjetisk, kviterussisk friidrettsutøvar frå Smolensk som tevla for Sovjetunionen. I tida 1954 til -64 vann ho mange meistertitlar på 200 m og 400 m, og sette fleire verdsrekordar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Itkina fekk sitt internasjonale gjennombrot då ho i EM 1954 i Bern vann 200 m på 24,3 sekundar og deltok på Sovjetunionen sitt sigrande lag på 4x100 m stafett. Året etter sette ho ein uoffiseill verdsrekord på 400 m med 53,9. Ho vart nummer sju på 200 m under OL i Melbourne hausten 1956.

I juni 1957 fekk Itkina notert ein offisiell verdsrekord på 54,0 i Minsk, og vel ein månad seinare ein ny på 53,6 i Moskva. Itkina vart så europmeister på 400 m under EM i friidrett 1958 i Stockholm, og fekk bronsemedaljen på 200 m. Den 12. september 1959 i Krasnodar forbetra ho verdsrekorden på 400 m til 53,4.

Under sommarleikane i Roma hamna Itkina på fjerdeplass i tre tevlingar; både på 100 m, 200 m og 4x100 m stafett. Ho vann sitt fjerde EM-gull då ho tangerte verdsrekorden sin på 400 m i Beograd i 1962. Itkina la opp etter å ha vorte nummer fem på 400 m under OL 1964 i Tokyo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]