Marija Savinova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marija Savinova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 13. august 1985 (38 år)
Tsjeljabinsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Venskapsordenen

Marija Savinova under Sommar-OL 2012 i London

Marija Sergejevna Savinova[a] (fødd 13. august 1985) er ein russisk mellomdistanseløpar frå Tsjeljabinsk som vann gullmedaljen på 800 meter under EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og Sommar-OL 2012. OL-medaljen mista ho seinare på grunn av doping.[1][2]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Savinova fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2009. Ho vann då 800 m under innandørs-EM og vart nummer fem under friidretts-VM i Berlin. Dessutan vart ho russisk meister på distansen.

I 2010 sigra Savinova på 800 m ved friidretts-EM i Barcelona på tida 1,58,22, nederlandske Yvonne Hak tok sølv på 1.58,55. Savinova imponerte stort då ho vart verdsmeister på 800 m i Daegu i 2011. Med personleg rekord og årsbeste i verda på 1.55,87 sekundar, viste ho sørafrikanske Caster Semenya til sølvplassen. Under sommarleikane i London 2012 vart det eit nytt oppgjer mellom dei same to løparane, her vann Savinova ein klar siger med over eitt sekunds margin. Vinnartida 1.56,19 var årsbeste i verda.

Savinova tok sølvmedaljen på spesialdistansen under VM i friidrett 2013 på heimebane i Moskva. Tida 1,57,80 var årsbeste for hennar del, Eunice Sum frå Kenya vann på personleg rekord 1.57,38.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Мария Сергеевна Савинова

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mariya Savinova» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023. 
  2. «Doping Irregularities at the Olympics» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023. «Mariya Savinova: 2012 London – 800m (1) – Retroactively stripped of all her results from 2010 to 2013 for irregularities on her Athlete Biological Passport» 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]