Marikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marikken, svensk Madicken, er ein Astrid Lindgren-figur som eigentleg heiter Margareta. Til skilnad frå mange andre av Lindgrens figurar høyrer ho til den øvre middelklassen og bur i gata Junibakken med foreldra sine, veslesystra Lisabet og tenestejenta Alva. Det finst også ei kone, Linus-Ida, som kjem ei gong i veka og hjelper til med kles- og husvask. Som grannar har dei den fattigare familien Nilsson, der Marikken ofte brukar ein del tid, kanskje fordi ho er litt forelska i sonen i familien, den nokre år eldre Abbe.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1960 Madicken, på norsk: Marikken (Damm, Oslo, 1961)
  • 1976 Madicken och Junibackens Pims, på norsk Marikken og Junibakkens Pims (Damm, Oslo, 1976)
  • 1983 Titta Madicken, det snöar, på norsk Se, Marikken, det snør (Damm, Oslo, 1983)
  • 1983 Allas vår Madicken (Samlingsverk)
  • 1991 När Lisabet pillade in en ärta i näsan, på norsk Da Lisabet stakk en ert i nesa (Damm, Oslo, 1993)
  • 1993 Jullov är ett bra påhitt, sa Madicken, på norsk Juleferie er et godt påfunn, sa Marikken (Damm, Oslo, 1994)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 Du är inte klok, Madicken, norsk tittel: Gi deg da, Marikken
  • 1980 Madicken på Junibacken, norsk tittel: Marikken på Junibakken

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]