Marin Marais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marin Marais

Fødd31. mai 1656
FødestadParis
Død15. august 1728 (72 år)
DødsstadParis
OpphavFrankrike
PeriodeBarokken
Sjangeropera
InstrumentGambe
Verka somKomponist og gambist
BornRoland Marais

Marin Marais (fødd 31. mai 1656 i Paris, død 15. august 1728 i Paris) var ein fransk gambist og komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marais vart fødd i beskjedne kår som son av skomakaren Vincent Marais. Etter mora døydde i 1666 vart Marin korgut i St. Germain-l'Auxerrois der onkelen hans Louis Marais var kapellan. Orkesteret i denne kyrkja vart leia av François Couperin «le Grand». Kjente medelevar var Michel Richard de Lalande og Jean-Francois Lalouette, og sistnemnde som var noko eldre enn Marin hjelpte han seinare til å få teneste ved hoffet til Ludvig XIV av Frankrike. Truleg hadde Marais alt lært seg å spele gambe, for då han i 1672 kom i stemmeskiftet og måtte forlate koret fekk han undervisning av dei mest kjente gambistane i si tid, Nicolas Hotman og den løyndomsfulle Monsieur de Sainte-Colombe, og dei tok truleg ikkje nybyrjarar.

Frå 1676 spelte Marais i Ludvig 14. sitt petit Choeur etter at Jean-Baptiste Lully anbefalte han. Oppgåva til det vesle ensemblet var å akkompagnere songarane.

Lully hadde høge tankar om Marais, og han fekk frå no av spele i alle oppføringane av dei store operaene til Lully, mest i basso continuo-gruppa og vikarierte òg for Lully som dirigent. Marais rekna Lully som komposisjonslæraren sin og tileigna det første bind sitt av Pièces dei viole (1686) til han i takksemd.

Marais hadde no sikker inntekt og gifta seg 21. september 1676 med Catherine Damicourt, dotter av ein salmakar. Saman fekk dei 19 barn.

1. august 1679 fekk Marais patent som joueur de viole de la musique de la Chambre, eigenhendig underskriven av Colbert og kongen. Marais var dermed sologambist i Det Kongelege Kammerorkesteret. Ei av oppgåvene hans var å spille gambe for kongen. I 1685 vart han medlem av orkesteret Acadèmie Royale de Musique. På denne tida byrja Marais sitt rykte som dyktig gambist og komponist å bre seg, og i 1686 debuterte Marais som hoffkomponist med stor suksess. Dessverre er musikken forsvunne.

På anbefaling frå kongen vart Marais i 1705 utnemnd som etterfølgjaren til Andre Campra som leiar for orkesteret Acadèmie Royale de Musique. Dette gjorde han i stand til å oppføre meisterverket sitt, operaen Alcyone den 18. februar 1706. Marais var orkesterleiar fram til 1710.

På side eldre dagar trekte Marais seg stadig meir tilbake, og i 1725 sa han frå seg posten som «Gambiste du chambre du Roi».

Nokre av dei 19 borna til Marais vart musikarar, dei mest kjende var Vincent (ca 1677–1737) som overtok posten til faren i 1725 og Roland (ca 1685-1750) som det finst to bøker med Pièces dei viole etter.

Litteratur og film[endre | endre wikiteksten]

Marin Marais er den sentrale figuren i filmen Tous les matins du monde (1991) (på norsk Alle årets dager) av Alain Corneau, framstilt av Gérard Depardieu og son hans Guillaume etter romanen med same namn av Pascal Quignard.

Stykket La Sonnière De Geneviève Du Mont de Paris vart brukt som filmmusikk i filmen Liquid Sky (1982).

Media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marin Marais

Notar[endre | endre wikiteksten]