Marin grense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Marin grense, forkorta MG, er det høgaste nivået havet har hatt på ein stad etter at det vart fritt for is ved slutten av siste istida. Ho vert avgjort ved høgda av strandhakk, strandlinjer og breelvdelta, ofte med restar etter marine dyr.

Årsaka til at havet stod høgare ved slutten av istida er at heile landplata vart pressa ned ved vekta av ismassane. Straks isen smelta frå kystområda, rykte havet inn. Den beste landbruksjorda i Noreg er sand- og leiravleiringar danna under den marinen grensa.

Regional variasjon[endre | endre wikiteksten]

Landhevinga var størst der der isdekket var tjukkast, men grensa i innlandet ligg ofte lågare enn ein skulle vente fordi området vart isfritt først etter at landhevinga hadde kome godt i gang. På kartet kan ein trekkje linjer gjennom stader med same verdi for den marinen grense, og resultatet for Skandinavia er ei rekkje kurvar omkring eit hevningssentrum i nordre delar av Bottenvika. Her ligg grensa på nesten 290 meter over dagens havnivå, medan den er 221 meter i Skådalen ved Oslo (den høgaste målte MG i landet) og nær 0 langs kysten ved Jæren, Lista og i Danmark. Etter at havet nådde det maksimale nivået sitt og isen smelta etter siste istida, heva landa seg særs raskt; for Oslo-området kan stranda ha falle så mykje som 10 meter per 100 år den første tida

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]