Mario
Mario (マリオ på japansk) er ein dataspelfigur skapt av Shigeru Miyamoto for Nintendo. Figuren dukka først opp i Donkey Kong, der det offisielle namnet hans var Jumpman. Mario var opphavleg avbilda med todimensjonale strukturar, men i seinare spel er han ein tredimensjonal, polygonal figur. På grunn av den vanlege tilvisinga til at han og broren hans Luigi blir kalla «Mario Brothers» (Mariobrørne), i tillegg til at Luigi har blitt referert til som Luigi Mario, har det blitt spekulert i at hans fulle namn er Mario Mario.
Mario er ein kort, lubben italiensk røyrleggjar som bur i Mushroom Kingdom, der han blir sett på som ein helt av mange. Han er best kjend for å forpurre planane til den vonde Bowser, som er å kidnappe Prinsesse Peach og overta Mushroom Kingdom. Mario er godt kjend for sin modige personlegdom, entusiasme og haldning ovanfor fiendar og for å vere enormt smidig. Han er også kjend for sitt samarbeid med broren Luigi og sitt nære forhold til Prinsesse Peach som han har berga eit utal gonger. Mario har også ein vond dobbeltgjengar som heiter Wario.
Som Nintendo-maskot er Mario ein av de mest gjenkjennelege figurane i videospelhistoria og er synonym med videospel. Han har vore med i over 100 spel, mange av dei bestseljarar. Ved sida av plattformspela som han tradisjonelt er knytt til, har Mario opptredd i videospel i mange ulike sjangrar, mellom anna Mario Kart-serien, mange av Nintendos arkadesportspel (til dømes Mario Tennis- og Mario Golf-serien) og Nintendos serie med Mario-rollespel (RPGar) (mellom anna Super Mario RPG: Legend of the Seven Stars, Paper Mario-serien, Mario & Luigi: Superstar Saga og oppfølgjaren Mario & Luigi: Partners in Time). Ved sida av dei originale spela, TV-seriar, film og teikneserieblad, har han også gitt opphav til ei rekkje andre produkt.
|
|
|
|---|---|
| Mario-spel i 2D | Donkey Kong · Mario Bros. · Super Mario Bros. · The Lost Levels · Super Mario Bros. 2 · Super Mario Bros. 3 · Super Mario Land · Super Mario World · Super Mario Land 2 · Yoshi's Island · New Super Mario Bros. · New Super Mario Bros. Wii · New Super Mario Bros. 2 · New Super Mario Bros. U |
| Mario-spel i 3D | Super Mario 64 · Super Mario Sunshine · Super Mario Galaxy · Super Mario Galaxy 2 · Super Mario 3D Land |
| Andre spel | Wrecking Crew · Wario Land: Super Mario Land 3 · Mario Clash · Luigi's Mansion · Mario Pinball Land · Super Princess Peach |
| Andre seriar | Mario Kart · Mario Party · Rollespel · Sportspel · Donkey Kong · Wario · Super Smash Bros. |