Mario & Luigi: Bowser's Inside Story
| Mario & Luigi: Bowser's Inside Story | |
| Utviklar(ar) | AlphaDream |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Mario & Luigi |
| Sjanger | Rollespel |
| Spelmodus | Einspelar |
| Utgjeving | JP 11. februar 2009 NA 14. september 2009 EU 9. oktober 2009 AUS 22. oktober 2009 |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E |
Mario & Luigi: Bowser's Inside Story (マリオ&ルイージRPG3!!! Mario & Luigi RPG 3!!!) er eit rolle-dataspel utvikla av AlphaDream og utgjeve av Nintendo for Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Japan februar 2009, i Nord-Amerika september 2009 og i Europa og Australia oktober same året. Spelet er det tredje i Mario & Luigi-serien, etter høvesvis Mario & Luigi: Superstar Saga og Partners in Time.
Oppsett [endre]
I Mario & Luigi: Bowser's Inside Story byttar spelaren mellom tre karakterar å styre. Mario og Luigi er båe på innsida av Bowser i den første delen av spelet, der dei utforskar eit miljø i 2-D plattform-stil. Kampane er framleis turbaserte, og dei blir starta ved å kome borti fiendar. Bowser utforskar Sopperiket (en: Mushroom Kingdom) i eit perspektiv sett ovanifrå med ein viklel 3/4 frå bakken, mykje likt tidlegare Mario & Luigi-spel. Eit stykke ut i spelet kan Mario og Luigi kome seg ut frå innsida til Bowser og utforske Sopperiket dei med. Duoen kan så nytte røyr for å koma attende inn i kroppen til Bowser.
Spelet nyttar det same kampsystemet som dei to føregangarane. I tillegg til Mario og Luigi er Bowser no også ein spelbar karakter i kampsekvensane. Kampsystemet hjå Bowser er ganske likt det hjå Mario og Luigi, men med nokre små skilnader; Bowser slåst åleine, men er langt sterkare enn Mario-brørne. Eit stykke ut i spelet lærer Bowser å anda inn fiendane sine, noko som lèt Mario og Luigi slåst mot fienden inni Bowser.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Mario & Luigi: Bowser's Inside Story på Nintendo.no
- Offisiell japansk nettside
- Offisiell amerikansk nettside
| Mario-rollespel | |
|---|---|
| Square Enix | Super Mario RPG: Legend of the Seven Stars |
| Paper Mario-serien | Paper Mario · The Thousand-Year Door · Super Paper Mario |
| Mario & Luigi-serien | Superstar Saga · Partners in Time · Bowser's Inside Story |