Mario Balotelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mario Balotelli
Mario Balotelli Euro 2012 vs England 02.JPG
Personleg informasjon
Namn Mario Barwuah Balotelli
Fødselsdato 12. august 1990
Fødestad Palermo i Italia
Høgd 189 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Italia Ac Milan
Draktnummer 45
Ungdomsklubb
2001-2005
2006-2007
Italia AC Lumezzane
Italia Inter Milan
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005-2006
2007-2010
2010-
Italia AC Lumezzane
Italia Inter Milan
Flag of England.svg Manchester City Ac Milan
2 (0)
59 (20)
40 (19)
Landslag**
2008-2010
2010-
Italia Italia U21
Italia Italia
16 (6)
14 (4)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 13. mai 2012.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 1. juli 2012.

Mario Barwuah Balotelli (fødd 12. august 1990 i PalermoSicilia) er ein italiensk fotballspelar som nett no speler for Manchester City. Foreldra hans kom til Italia som innvandrarar frå Ghana, men sjølv er han fødd og oppvaksen i Italia.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Balotelli vart fødd som Mario Barwuah, men voks opp hjå fosterfamilien Balotelli og tok difor deira etternamn i tillegg. Familien Balotelli har aldri adoptert han, og difor vart han offisielt sett på som ein ghanesisk innvandrar fram til han fylte 18 år.

Mario Balotelli spelte for italienske klubbar fram til 2010, då han tok vart kjøpt opp av Manchester City. Med Balotelli på laget vann City Premier League i 2012, for fyrste gong på 44 år. Som fotballspelar har han fleire gonger vist mangel på disiplin under trenarane sine. Samtidig har han som farga spelar vorte utsett for mykje rasisme på fotballbana.

Som ghanesisk innvandrar fekk han ikkje lov til å spela på italienske ungdomslandslag for spelarar under 18. I 2008 kom han med på U21-landslaget, og i 2010 vart han inkludert i herrelandslaget for vaksne. Han gjorde ein svært god figur under EM i fotball 2012, der han vart ein av toppskårarane med tre mål. To av desse måla kom i semifinalen mot Tyskland den 28. juni, begge i fyrste omgang. Tyskland greidde aldri å koma inn att i kampen, men fekk eit mål på eit straffespark til slutt i andre omgang. Italia vann kampen 2-1.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]