Marion Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marion Jones spring i Paris i 2006.
Foto: Thomas Faivre-Duboz

Marion Lois Jones (fødd 12. oktober 1975) er ein tidlegare korgballspelar, sprintar og lengdehoppar frå USA. Mor hennar kom frå Belize, og Marion Jones har dobbelt statsborgarskap.

Under VM i friidrett 1997 i Athen vart Marion Jones verdsmeister på 100 meter for kvinner. I tillegg var ho med på stafettlaget som vann gull for USA på 4 x 100 meter. To år seinare vart ho dobbelt verdsmeister under VM i friidrett 1999 i Sevilla.

Jones vann heile fem medaljar under sommar-OL 2000 i Sydney i øvingane 100 meter, 200 meter, 4 x 100 meter stafett, 4 x 400 meter stafett og lengdehopp. Ho deltok også i sommar-OL 2004, men enda her på ein skuffande femteplass i lengdehopp. I 2007 kom det ut at ho hadde brukt doping så langt tilbake som til OL i 2000 og at ho hadde loge om det framføre ein jury. Som straff vart diskvalifisert frå alle tevlingar ho hadde delteke i på denne tida, og ho vart fråteken alle medaljane frå OL i 2000, samt VM-medaljane frå 2001. Ho vart bannlyst frå å delta i sommar-OL 2008 på nokon måte. I tillegg måtte Marion Jones sitja seks månader i fengsel i 2008 for å ha loge for ein jury.

Ho har fått behalda medaljane sine frå før år 2000. I tillegg held ho og resten av laget framleis verdsrekorden på 4 x 200 meter stafett for kvinner frå april 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]