Marit Arnstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marit Arnstad
Foto: Senterpartiet

Marit Arnstad (fødd 4. mai 1962 i Stjørdal) er ein norsk senterpartipolitikar frå Skatval i Stjørdal i Nord-Trøndelag fylke. Ho er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo (1991) og er tvillingsystera til Eli Arnstad.

Ho har vore medarbeidar i JURK (1984), personleg sekretær i Miljøverndepartementet (1989–1990), førstekonsulent i same departementet (1992) og advokatfullmektig i Wiersholm, Mellbye & Bech (2000–2001). Sidan 2006 har ho arbeidd i advokatfirmaet Schjødt i Trondheim.

Arnstad har vore stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag i to periodar, 1993–1997 og 2001–2005. Ho har vore medlem av Utanrikskomiteen, Næringskomiteen, Forsvarskomiteen, Valgkomiteen og Den utvida utanrikskomiteenStortinget. I perioden 2003–2005 var ho parlamentarisk leiar for stortingsgruppa til Senterpartiet. Ho var olje- og energiminister i Bondevik I-regjeringa mellom 1997 og 2000. Mellom 1986 og 1988 var ho leiar for Senterungdommens Landsforbund og medlem i sentralstyret i Senterpartiet. Ho har også hatt fleire verv i Nei til EU-rørsla. Arnstad vart samferdsleminister i regjeringa Stoltenberg II, 18. juni 2012.

Arnstad har ei rekkje styreverv i næringslivet. Mellom anna er ho styreleiar ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim, nestleiar i styret i Statoil, og dessutan styremedlem i Aker Seafoods ASA, Adresseavisen ASA, NTE Nett A/S, COWI A/S og Acta ASA. Ho måtte ein periode hausten 2007 tre inn som konstituert styreleiar i StatoilHydro, då tidlegare styreleiar Eivind Reiten gjekk av. Ho var kandidat til å ta over vervet permanent, men etter kvart tok avtroppande sjef i Petroleum Geo-Services, Svein Rennemo, over.[1] Då ho vart statsråd i juni 2012 trekte ho seg frå Statoilstyret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvem er hvem?, s. 34–35.