Marit Bjørgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marit Bjørgen vann gullmedalje under Vinter-OL 2010.

Marit Bjørgen (fødd 21. mars 1980) er ein norsk langrennsløper som vart verdsmeister i 2003 og 2005 og tok sølvmedalje på 10 km klassisk i OL i Torino. Ho er fødd i Trondheim og voks opp på Rognes i Midtre Gauldal kommune.

Marit Bjørgen kom på andre plass i verdscupen samanlagt i sesongen 2003/04 og vann verdscupen samanlagt i sesongen 2004/05, sprintverdscupen og distanseverdscupen. Sprintverdscupen har ho og vunne 2 gongar tidlegare.

Allereie 6. mars 2005, med 4 renn att av sesongen, vart Marit Bjørgen kåra til vinnar av verdscupen i langrenn. Dette vart klart etter verdscupstemnet i Lahti der ho ikkje deltok grunna sjukdom. Kristina Smigun på andre plass var så langt bak at ho ikkje hadde moglegheit til å inn att det tapte før sesongslutt. Den store leiinga i verdscupen gjorde at Marit Bjørgen var storfavoritt på fleire distansar før ski-VM i Oberstdorf i 2005 og innfridde favorittstempelet ved å blant anna ta gull på 30 km klassisk, ein distanse som ikkje har vore rekna blant hennar sterkaste. Same året vart ho tildelt Aftenpostens Gullmedalje.

Vinteren 2006 var ho i storform, men influensa øydela oppkjøringa mot OL i Torino. OL vart ei stor skuffing for Bjørgen, og ho måtte dra heim med berre éin medalje (sølv på 10 km klassisk). Til NRK uttalte ho at ho gledde seg til å dra heim frå «hølet» Pragelato. Enkelte meinte at ho ville få problem med å koma seg att, mellom anna på grunn av ein kraftig knekk i sjølvtilliten. Likevel vann ho allereie det første verdscuprennet etter OL, kvinnenes Vasalopp på 45 km klassisk, og dét over eit og eit halvt minutt før den næraste konkurrenten, Hilde Gjermundshaug Pedersen.

I Vinter-OL 2010 i Vancouver vart Marit Bjørgen olympisk meister på sprinten, ho tok og bronse på 10 km fri teknikk. Særleg for innsatsen sin på Vinter-OL i Vancouver, vann Marit Bjørgen Holmenkollmedaljen i mars og Fearnleys olympiske ærespris i april 2010.

Innhaldsliste

Medaljar i internasjonale meisterskap [endre]

Totalt har Marit Bjørgen 8 medaljar, 5 gull, 2 sølv og 1 bronse, frå store internasjonale meisterskap.

OL i Vancouver 2010 [endre]

  • gull på sprint

OL i Torino 2006 [endre]

Ski-VM i Val di Fiemme 2003 [endre]

  • Gull på langrennssprinten

Ski-VM i Oberstdorf 2005 [endre]

Resultat i verdscupen [endre]

Plasseringar samanlagt [endre]

Plasseringar i sprintverdscupen [endre]

Plasseringar i distanseverdscupen [endre]

Sigrar i verdscupen [endre]

Totalt har Marit Bjørgen 49 sigrar i verdscupen (per 10.Desember 2011).

Bakgrunnsstoff [endre]