Marit Eikemo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Eikemo
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1971 (53 år)
Odda
Yrke forfattar, redaktør, teatersjef, kommunikasjonsrådgiver
Periode 1999-
Debut Her, no. Møte med unge menneske

Marit Eikemo (fødd 6. april 1971 i Odda) er ein norsk forfattar og kulturarbeidar.

Ho er utdanna cand.mag. og har jobba som journalist i Bergens Tidende, redaktør av Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), og som informasjonssjef for Festspela i Bergen (2006–2009). Sidan 2009 har ho vore leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda.[1] Ho er busett i Bergen.

Den fyrste boka Eikemo gav ut – Her, no. Møte med unge menneske (1999) – var ei reportasjebok der Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth stod for fotografia. Vidare kom romanen Mellom oss sagt (2006), som handlar om kravet samtida har om sjølvrealisering og det å høyre til i ein fellesskap, og kva for konsekvensar dette kan få. Samtidsruinar (2008) er ei essaysamling der ho tek utgangspunkt i moderne, men forfalne bygg og anlegg, og brukar desse til å reflektere over korleis det står til med det moderne Noreg. Boka vart kåra til Årets nynorskbok 2008 av Dag og Tid-lesarane.[2] Romanen Arbeid pågår frå 2009 handlar om ein norsk Ibsen-forskar som i ein periode søkjer arbeidsro i Costa Blanca i Spania. Halvt motvillig vert han dregen inn i det norske miljøet der, og ho lèt igjen lesarane kjenne på ynsket om å høyre til ein fellesskap.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1999 – Her, no. Møte med unge menneske – reportasjebok
  • 2006 – Mellom oss sagt – roman
  • 2008 – Samtidsruinar – essaysamling
  • 2009 – Arbeid pågår – roman
  • 2011 – Samtale ventar – roman

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Marit Eikemo» på Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
  • «Marit Eikemo» i Allkunne, innhenta 6. juli 2010.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aslaug Margrethe Digranes (29. januar 2009). ««Marit Eikemo blir festivalleiar for Litteratursymposiet i Odda»». Nettstaden til Odda kommune. Henta 9. august 2013. 
  2. 2,0 2,1 Agnes Ravatn (15. januar 2009). «Lesarane ville ha Samtidsruinar». Dag og Tid. Henta 29. februar 2012. 
  3. 3,0 3,1 «Marit Eikemo». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 14. februar 2012. 
  4. ««Nynorsk litteraturpris 2011 til Marit Eikemo»». Nettstaden til Noregs Mållag. 27. april 2012. Henta 30. april 2012. 
  5. «Amalie Skram-prisen til Eikemo». BOK365. 23. august 2017. Henta 4. september 2017. 
  6. «Samlagsprisen til Marit Eikemo», Pressemelding Samlaget 5. desember 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]