Marit Mikkelsplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marit Elisabeth Mikkelsplass (fødd 22. februar 1965), opphavleg Marit Elisabeth Wold, er ein tidlegare langrennsløpar som sidan 1994 er gift med Pål Gunnar Mikkelsplass. Ho tok sølvmedaljen på 30 km under vinterleikane på Lillehammer i 1994 og VM-bronsen på same distansen i ski-VM 1997 i Trondheim. Perioden 1988 til 1998 var ho med på fire norske lag som tok sølvmedaljar i 4x5 km stafett, to i olympiske leikar og to i verdsmeisterskap på ski. Heile si tid som aktiv representerte ho Kjelsås Idrettslag i Oslo.

Mikkelsplass er avdelingsleiar i pleie- og omsorgssektoren i Nes kommune i Buskerud.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Litt overraskande fekk Marit Wold gå for det norske laget i 4x5 km stafett under vinter-OL 1988 i Calgary, og vann seg dermed ein sølvmedalje i lag med mellom andre klubbvenninna Trude Dybendahl, ein utøvar ho stod i litt i skuggen av i sine tidlege år i langrennsløypa.

Fyrst i 1994 kom Wold i forgrunnen, då ho under vinterleikane på Lillehammer gjekk sitt livs løp på den avsluttande 30-kilometeren. Her vann ho sølvmedaljen, med vel 16 sekundar dårlegare tid enn den olympiske meisteren, Manuela Di Centa frå Italia. Mikkelsplass gjekk gode individuelle løp i ski-VM 1995 i Thunder Bay, og vart høvesvis nummer fire og sju på 15 km og 5 km. Sidan i meisterskapen gjekk ho opningsetappen for Noregs sølvlag i 4x5 km stafett.

Under NM på ski i Stryn i 1996 sikra Marit Mikkelsplass seg heile fem medaljar; tre i gull-, ein i sølv og ein i bronse. Ho vann gull i 30 km klassisk stil, i 15 km fristil og 3x5 km stafett, sølv i 10 km jaktstart, samt bronse i 5 km fristil. Året etter, under ski-VM i Trondheim i 1997 vart det eit nytt VM-stafettsølv på henne. I Trondheim tok ho elles si einaste individuelle VM-medalje då ho i kampen om bronsen slo russiske Larisa Lazutina med fire tidels sekund.

I sin siste meisterskap, vinter-OL 1998 i Nagano, gjekk Mikkelsplass fire gode løp. Ho opna med sjetteplass på 15 km i klassisk stil og fylgde opp med femteplass på 5 km i fristil. Sidan gjekk ho andretappen for Noreg på stafetten , som atter ein gong måtte sjå seg slått av Russland og ta til takke med sølv, før ho avslutta med å verte nummer ni på 30 km fristil.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar