Mariupol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°7′0″N 37°33′0″E
Mariupol
ukrainsk Маріуполь
by
none
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Rajon Mariupol bykommune
koordinatar 47°7′0″N 37°33′0″E
Areal 166 km²
Folketal 490 063 (2010[1])
 - storby 519 000
Tettleik 2 952 / km²
Grunnlagd 1778
 - Byrettar 1779
borgarmeister Jury Juryjevitsj Khotlubej
Postnummer 87500—87590
Retningsnummer +380 629
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mariupol
Nettstad: www.marsovet.org.ua

Mariupol eller stundom Mariupolis (ukrainsk Маріуполь, russisk Мариу́поль; gresk Μαριούπολη), tidlegare kalla Zjdanov (ukrainsk og russisk Жда́нов) er ein hamneby søraust i Ukraina. Han ligg ved kysten av Azovhavet ved munningen til elva Kalmius. Mariupol er den største byen i Priazovje - eit geografiske område rundt Azovhavet som er delt mellom Russland og Ukraina. Byen er òg ein populær feriestad. Administrativt høyrer byen til Donetsk oblast og historisk har han vore ein del av den større regionen Donbas. Byen har like under ein halv million innbyggjarar.

Mariupol er eit viktig industrisenter og ein hamneby. To av stålverka byen er av dei største i landet og utgjer ein stor del av den totale eksporten til Ukraina. Azovmasj er eit maskinkonsern i Mariupol og det største selskapet av sitt slag i Ukraina. Totalt utgjer industrien i Donetsk oblast for 37,5 % av den totale eksporten, og rundt 7 % av den totale eksporten til Ukraina.

Frå 1948 til 1989 heitte byen Zjdanov etter Andrej Zjdanov og har historisk sett hatt ein relativt stor gresk minoritet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mariupol var kjend frå byrjinga av 1500-talet som kosakkfestninga Kalmius,m en vart først ein verkeleg by etter innflyttinga av grekarar frå Krimhalvøya på nordkysten av Azovhavet i 1778 - 1780.

I 1779 vart byen den første i dagens Donetsk oblast som fekk bystatus. Jernbanen, ei ny stor hamn og eit metallverk kom til byen på 1800-talet. Byen er kraftig industrialisert, til dømes det store Azovstal-verket.

Mariupol vart okkupert av Nazi-Tyskland frå 1941 til 1943. Det var ein av to sovjetiske byar der Hitler overnatta (den andre var Vinnitsa). Krigen for hardt med byen og fabrikkane og hamneanlegga vart lagt i ruinar, medan ein stor del av innbyggjarane mista livet. I dag er ikkje staden lenger eit stort industrisenter, men ein feriestad. Byen vert rekna som senteret for gresk kultur i Ukraina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mariupol

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «City's Population» (på russisk). Mariupol byråd home page. http://www.marsovet.org.ua/ru/page.php?nv_cat=28&cat_1=44&cat_2=356. Henta 9. september 2012.