Marja-Liisa Kirvesniemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marja-Liisa Hämäläinen)
Marja-Liisa Kirvesniemi
Statsborgarskap Finland
Fødd 10. september 1955 (68 år)
Simpele
Yrke langrennsløpar
Høgd 176 centimeter
Ektefelle Harri Kirvesniemi

Marja-Liisa Kirvesniemi, til 1985 Marja-Liisa Hämäläinen, (fødd 10. september 1955) er ein tidlegare finsk langrennsløpar frå Simpele i Södra Karelen. Ho var den store forgrunnsfiguren under vinter-OL 1984 i Sarajevo, der ho vann alle dei tre individuelle langrennsøvingane, i tillegg tok ho bronse for Finland på stafetten. I 1989 vart ho verdsmeister på 10 km og i stafett på finsk heimegrunn i Lahti, den siste VM-tittelen kom elleve år etter at ho på same staden hadde vunne sin fyrste internasjonale gullmedalje i nøyaktig same øvinga; 4x5 km stafett. Frå 1978 til 1994 vann Hämäläinen-Kirvesniemi 15 olympiske og VM-medaljar i langrenn; seks i gull, fem i sølv og fire i bronse. Fire av medaljane kom i stafettevlingar. Ho er gift med Harri Kirvesniemi.

Marja-Liisa Kirvesniemi vart i 1989 tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]