Mark Craney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mark Craney (fødd 26. august 1952 i Minneapolis i Minnesota i USA, død 26. november 2005 av lungebetennelse i Sherman Oaks i California) var ein amerikansk trommeslagar. Han spelte trommer for rockebandet Jethro Tull frå juni 1980 til mai 1981. Han spelte òg på turneen til Tommy Bolin i 1976, Gino Vannelli-albumet Brother to Brother frå 1978 og den påfølgjande turneen og med Jean-Luc Ponty på den kjende Imaginary Voyage i 1976 og Civilized Evil frå 1980.

I midten av 1990-åra spelte han trommer for Eric Burdon's I band.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]