Mark González

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mark González
Personleg informasjon
Fullt namn Mark Dennis González Hoffmann
Fødd 10. juli 1984
Fødestad Durban
Høgd 176 cm
Posisjon Venstreving
Klubbinformasjon
Noverande lag
CSKA Moskva
Nummer 13
Ungdomsklubbar
Universidad Católica
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-2004
2004-2006
2006-2007
2007-2009
2009-
Universidad Católica
Spania Albacete
Liverpool FC
Spania Real Betis
CSKA Moskva
42 (8)
25 (5)
25 (3)
44 (10)
28 (5)
Landslag
2003- Chile 45 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 25. juni 2010

Mark Dennis González Hoffmann (fødd 10. juli 1984) er ein chilensk fotballspelar som har spela for russiske CSKA Moskva.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mark González vart fødd i Sør-Afrika, men flytte med mor si til Chile som tiåring. Der starta han karrieren sin i Santiago-klubben Universidad Católica. Han spela etter kvart på fyrstelaget deira og heldt fram der til 2004, då han vart kjøpt opp av spanske Albacete. Eigentleg skulle han ha gått over til Liverpool FC på lån i 2005, men vart nekta arbeidsløyve av britiske styresmakter. Medan han venta på dette, vart han lånt bort til spanske Real Sociedad. I 2006 fekk han arbeidsløyve og gjekk over til Liverpool.

Allereie i mai 2007 hadde Gonzáles skrive under kontrakt med spanske Real Betis, og spela for dei fram til sommaren 2009, då han gjekk over til russiske CSKA Moskva, som han spelar for enno.

Gonzáles har spelt på det chilenske landslaget sidan 2003, og deltok i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han i ein kamp mot Sveits, men Chile vart slått ut i åttandedelsfinalen mot Brasil.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Gonzales.