Mark Tajmanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mark Tajmanov

Mark Jevgenjevitsj Tajmanov, russisk Марк Евгеньевич Тайманов, (fødd 7. februar 1926) i Kharkiv, Sovjetunionen, er ein ukrainsk, og sovjetisk, no russisk stormeister i sjakk og konsertpianist. Han var på det beste heilt oppe i verdenseliten i sjakk, men er kanskje mest kjend for - som den danske stormeisteren Bent Larsen - å ha tapt ein tvikamp i kandidatturneringa i 1971 med 0 - 6 mot Bobby Fischer på hans veg mot verdsmeisterskapen i sjakk.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Mark Tajmanov vart fødd i Kharkiv i den ukrainske sovjetrepublikken i Sovjetunionen, men voks opp i Leningrad, der han mellom anna gjekk på musikkskule, der han spelte klaver. Via musikkskulen fekk han som 12-åring ei stor rolle i ein film om Ludwig van Beethoven, noko som igjen førte til, at han kom til å fungere som omvisar for vestlege turister ved innviinga av Pionerpalasset i byen. Han fortalte han om korleis born kunne kome å delta i ulike aktivitetar etter skuletid. Då han blei spurt om kva han sjølv ville, svarte han: Spele sjakk! Mark Tajmanov seier at draumen var å få trene med den berømte Mikhail Botvinnik, noko som var mogleg for dei beste spelarane. Mark Tajmanov var ein del av «Botvinnik-gruppa» fram til 1941, då krigen stoppa aktivitetane[1].

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Mark Tajmanov har både hatt ei sjakkarriere og ei musikkarriere. I 1950 vart han Internasjonal Meister i sjakk og same året drog han på konsertturne med den første kona, fiolinisten Ljubov Bruk, som han hadde møtt på konservatoriet og gifta seg med som 19-åring. Turnéen førte dei også til utlandet. Ei rekke innspelingar frå denne turneen er sidan gitt ut av Philips og Steinway & Sons i deira Great Pianists of the 20th Century-serie. Mark Tajmanov fortel, at han aldri har skifta mellom sjakk og musikk, men har køyrt begge karrierane parallelt, der sjakken har vore ferie frå musikken og omvendt, så «...mitt liv har vore ein lang ferie.»[1]

Sjakkkarieren[endre | endre wikiteksten]

Sjakkarrieren har to toppar: 1950-åra og starten på 1970-åra.

I 1952 kvalifiserte Tajmanov seg via ein delt andreplass intersoneturneringa i Saltsjöbaden til kandidatturneringa i Zürich i 1953. Dette kvalifiseringa gav han også stormeistertittelen. I kandidatturneringa kom midt i feltet med 14 poeng av 28 moglege.

I 1955 vann han Sovjetmeisterskapen i sjakk etter omkamp med Jurij Averbakh og Boris Spasskij. Tajmanov rakk i løpet av sjakkarrieren å delta i 23 sovjetmeisterskap, ein rekord han delar med Efim Geller. I 1955 vart han også nummer tre i den sterke Alekhines minneturnering i Moskva.

På 1960-talet var resultata meir variable, men han hadde mellom anna ein andreplass i Capablanca minneturnering i Havanna i 1967. Det var først i 1969 han på ny klarte å kvalifisere seg til ei intersoneturnering, etter ein andreplass i Sovjetmeisterskapen. I 1970 hadde han fleire gode resultat: Siger i Hoogovens-turneringa i Wijk aan Zee med 1½ pooeng forsprang, delt førsteplass i Skopje, og ein delt femteplass i intersoneturneringa i Palma de Mallorca, noko som gav han ein plass i kandidatturneringa.

Suspendert etter nederlag[endre | endre wikiteksten]

Tajmanov trekte Bobby Fischer i kvartfinalen i kandidatturneringa, og sjølv om spelet ikkje var så dårleg, vart det likevel ei talmessig einsidig forestilling: 6-0 til Fischer. Dette skuldast mellom anna at Tajmanov måtte ta sjansar, etter å ha tapt dei to første partia. Men i Sovjetunionen kunne ein ikkje forestille seg, at ein stormeister kunne gå på eit så stort nederlag, utan at det var politikk med i biletet, og Tajmanov vart suspendert: Han fekk ikkje lenger løn som stormeister - dei sovjetiske stormeistrane var statsløna, men måtte til gjengjeld gje frå seg pengepremiar - han fekk ikkje lenger reise ut av landet, og han vart sett under sensur[1]. Desse sanksjonane vart først fjerna i 1973, då han - som deltakar i den førre kandidatturneringa - var kvalifisert til intersoneturneringa i Leningrad. Taimanov si sak vart teken opp i det sovjetiske kommunistpartiet sin sentralkomité, der ein til slutt vedtok å «tilgje han».

I Leningrad fekk han delt åttandeplass, og dermed var hans beste tid over. Han ser sjølv på tvikampen mot Fischer som høgdepunktet i sjakkarriera[1].

Opningsvariantar[endre | endre wikiteksten]

Mark Tajmanov har fått oppkalla opningsvariantar etter seg i Siciliansk parti, benoni og i nimzoindisk forsvar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Taimanov, Mark: Taimanov's Selected Games, Cadogan Books, 1995, ISBN 1-85744-155-9.
  • Taimanov, Mark: Königsindisch bis Altindisch : Königsindisch: Klassisches System mit 7.0-0 Klassisches Benoni Königsindisch im Anzug Altindisch, Sportverlag, 1990, ISBN 3-328-00272-3.
  • Taimanov, Mark: Königsindisch : Sämisch-System bis Vierbauernvariante, Sportverlag, 1989, ISBN 3-328-00271-5.
  • Taimanov, Mark: og Brian Cafferty: The Soviet championships, Cadogan, 1998, ISBN 1-85744-201-6
  • Taimanov, Mark: Holländisch bis Bird-Eröffnung, Sportverlag, 1988, ISBN 3-328-00251-0.
  • Taimanov, Mark: Modernes Benoni bis Wolga-Gambit, Sportverlag, 1987, ISBN 3-328-00204-9.
  • Taimanov, Mark: Nimzowitsch-Indisch, Rubinstein-System bis seltene Fortsetzungen, Sportverlag, 1982.
  • Taimanov, Mark: Slawisch bis Reti-Eröffnung : slawische Verteidigung, selten angewandte Eröffnungen nach 1.d4, frühzeitiges Damenfianchetto, englische Eröffnung, Reti-Eröffnung, Sportverlag, 1972.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lautier, Joel: My Life with chess and music, intervju på ChessBase.com

Kjelder[endre | endre wikiteksten]