Mark i Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mark i Zevenbergen
Kart over Mark og Dintel

Mark er ei elv i Belgia og Nederland. Ho spring ut nord for Turnhout i Belgia og renn gjennom Hoogstraten før ho kryssar grensa til Nederland. I sentrum av Breda mottar ho Aa/Weerijs. Nedanfor Oudenbosch vert Mark kalla Dintel. Dintel munnar ut i Volkerak (del av Rhinen-Maas-Schelde-deltaet) ved Dintelsas. Dintel og Mark er framkommelege for lasteskip med ei lengd opp til 86 meter frå Dintelsas til Breda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]