Mark kølnsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mark kølnsk (eller kølnsk mark) er ei masseeining brukt ved veging av sølv og gull, lik ½ skålpund eller 16 lodd.

Opphavleg vart måleeininga brukt i Köln, og derifrå breidde ho seg ved at utmynting av sølvmynt bygde på kølnsk vektstandard. I Noreg vart kølnsk mark påboden ved veging av sølv og gull ved forordningar av 1514 og 1541.

Stoleiken på marka tilsvarte vanlegvis 233,85 g, men det ser ut til at ho i Danmark og Noreg først låg nærare 230 g. Forordningar av 1. mai 1683 og 10. jan. 1698 regulerte ei mark kølnsk til 235,18 g ved veging av edle metall. Lov av 28. juli 1824 justerte vekta til 233,994 g.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]