Markane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markane is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Markane

Markane er ei bygd som dels ligg i Stryn kommune i Vestland og dels i Volda, i Møre og Romsdal. Bygda er nok for tida mest kjend for skianlegget Ullsheim. I 1996 vart det arrangert NM i nordiske greiner der, og det har også vore arrangert skiskyttar-NM, junior VM i nordiske greiner, og fleire norgescupar.

I Markane bur det om lag 300 menneske. Størstedelen av busetnaden ligg i ei høgd på om lag 250 moh.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Markane er ei kupert skogsbygd med spreidde gardsbruk. Den er omkransa av åsar og fjell, og grensar ikkje til fjorden. Det har vore sagt at bygda har meir likskap med austlandsnaturen somme stadar i dalføra der, enn med Vestlandet. Men samtidig ligg bygda i ei vestlandsk ramme med høge fjell.

Grovt sett kan ein seie at Markane grensar til Hornindalsvatnet i vest, og Tverrfjellet/Hogden i aust. Bygda er ca. 25-30 km² i størrelse.

Heilt nøyaktige grenser for Markane er det ikkje, men truleg bør ein også ta med Kjøsapollen. Markane vert då frå Kjøs bru og austover, til og med Langesethøgda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste busetnaden var på Maurset der det er registrert funn frå jarnalderen.

Namnet Markane kjem ifrå skog. Tidlegare skrivemåte var Markerne, seinare Markene (uttalast Markjene). Namnet har seinare vorte endra til Markane, men det har vore diskusjonar om det er rett.

Markane var tidlegare delt mellom Stryn kommune, Hornindal kommune og Innvik kommune. Ved kommunesamanlåinga i 1965 høyrde heile bygda til Stryn. Etter kommundedelinga i 1975 vart dei gamle grensene for Hornindal atter gjeldande, og dette delar bygda mellom to kommunar.