Marknad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marked)
Den russiske kunstmålaren Ivan Kulikov (1875–1941): Marknaden (Basaren), målarstykke frå 1910.
Ein fortaus-marknad i Aix-en-Provence der det for det meste vert selt kunsthandverk.
Innandørs marknad der ein sel fisk og grønt i Singapore
Marknadshallen i Rīga i Latvia er innreia i ein gamal hangar for luftskip.

Marknad (frå norrønt mark(n)aðr, gjennom gamalfransk med opphav i latin: mercatus 'handel, marknad'[1]) er eit ord med fleire tydingar, som alle har med kjøp og sal av varer eller tenester å gjere.

I snever samanheng er ein marknad ein avgrensa plass, eit torg eller ein salshall der kjøparar og seljarar møtast for å gjere handel i liten skala, og då kan det vere tale om ein grønsakmarknad eller eit grønsaktorg, ein blomemarknad, ein fiskemarknad og liknande. Marknadar kan òg går føre seg berre til fastsett tider på fastsette stader, som til dømes mellom anna Rørosmartnan, Hamarmart'n. Ein supermarknad er ei moderne nemning for ein butikk med stort utval av varer, ofte særleg av matvarer, men kan òg vere ein rikhaldig spesialbutikk innanfor ein annan bransje.

I vid tyding er marknad å forstå som den samla etterspurnaden og tilbodet for varer eller tenester innanfor eit geografisk område og/eller for ein spesifikk type varer eller tenester. Geografisk er det tale om ein lokal marknad for eit mindre geografisk område, ein innanlandsmarknad innanfor landegrensene, ein eksportmarknad for sal til eit eller fleire land utanfor eigne landegrenser, ein fellesmarknad for fleire land, ein global marknad eller verdsmarknad som femner om storparten av verda. I samanheng med typar av produkt, råstoff, varer og tenester er det tale om ulike råvaremarknader for ulike råvarer, arbeidsmarknad når det gjeld arbeidstakar-arbeidsgjevartilhøve, tenestemarknad når det gjeld sal av tenester av ulike typar, varemarknad når det gjeld omsetjing av varer, pengemarknad og lånemarknad på dei økonomiske områda, tankmarknad når det gjeld frakt av olje og bensin på tankskip, gassmarknad når det gjeld omsetnad av gass levert gjennom gassrøyrleidningar, og anna.

Ein kundekrins, altså ei uavgrensa gruppe kjøparar av ei vare, eller som vert rekna som moglege kjøparar av ei vare, vert òg ofte omtala som ein marknad; til dømes kan ungdom verte sett på som marknad for det som ulike treningssenter har å tilby, og yngre menn som marknad for kjappe personbilar. Det er tale om «kjøpars marknad» når det er stort tilbod i høve til etterspurnaden og lett å gjere økonomisk gunstige kjøp, altså få gjort kjøp til ein låg pris, og om «seljars marknad» når etterspurnaden er stor i høve til tilboda og seljarane kan gjere økonomisk gunstige sal, altså selje dyrt. Eit økonomisk system der dei såkalla produksjonsfaktorane (inklusive arbeidskrafta) og produkta vert kjøpte og selde i marknader på grunnlag av vilkåra og føresetnadene i marknadene, utan prisreguleringar eller andre inngrep frå styremaktene, vert kalla marknadsøkonomi.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]