Markgreve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Markgreve er ein adelstittel som opphavleg vart gjeven av den tysk-romerske keisaren til grevar som hadde len ved grensene (marker på tysk) til grensa og skulle forsvare desse. Tittelen tilsvarar marki, men vart i Tyskland mykje nytta av suverene fyrstar, til dømes markgrevane av Brandenburg og Baden. Desse suverene fyrstane hadde rang over titulære fyrstar.

Tittelen er òg vorte nytta i Danmark-Noreg, men berre to gonger, av Hugo Octavio Accoramboni i Firenze som vart utnemnd til markgreve av Lister (Lista) i 1709, og året etter, da Francisco de Ratta i Bologna var utnemnd til markgreve av Mandal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]