Marki
Marki (frå fransk marquis) er ein arveleg høgadeleg tittel i fleire europeiske land og dei tidlegare koloniane deira. Tittelen blir òg brukt tradisjonelt til å attgje kinesiske og japanske titlar av tilsvarande rang.
I dei fleste landa som brukar tittelen er markitittelen under hertug og over greve/jarl. Ei kvinne som er tittelinnehaver eller er gift med ein marki kallast ei markise[1]. Forma «markisinne» som nokre gonger brukast på norsk er feilaktig, men finst på svensk og nederlandsk.; i nokre tilfelle blir dette òg brukt om dottera til ein marki.
Historie[endre]
Den opphavlege tittelen var den tyske Markgraf, markgreve, som vart brukt i Det tysk-romerske rike. Dette var ein greve som kontrollerte grenseområde (frå marker, germansk for «grense»). Fordi grenseområda var både viktige og meir krevjande å styre enn andre område fekk dei utvida fullmakter, og vart dermed ståande over vanlege grevar.
Frå omkring 1300, moglegvis tidlegare, vart tittelen teke i bruk i England, men då utan tydinga «greve i grenseområde». Dermed hadde markitittelen som ein eigen tittel mellom greve/jarl og hertug oppstått.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Marki» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
|
|
||
|---|---|---|
| Keisar og keisarinne · konge og dronning · kurfyrste og kurfyrstinne · storhertug og storhertuginne · erkehertug og erkehertuginne · hertug og hertuginne · storfyrste og storfyrstinne · markgreve og markgrevinne · marki og markise · fyrste og fyrstinne · greve og grevinne · vicomte og vicomtesse · baron og baronesse · friherre og friherrinne · riddar og dame · herre og frue | ||