Marknadsrisiko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Marknadsrisiko er risiko for økonomisk tap (eller gevinst) på finansielle eigedelar som aksjar, obligasjonar og valuta, som følgje av endra verdsetjing i marknadene. Finansinstitusjonane plasserer midlar i verdipapirmarknadene, og resultata deira blir derfor påverka av kursendringar. Men også hushalda investerer større beløp, særleg i aksjar. Saman med utviklinga i prisane på bustader er børsutviklinga såleis med på å påverke formuessituasjonen til hushalda, og – via såkalla formueseffektar – deira kjøp av varer og tenester.

Mens norske bankar i avgrensa grad er utsette for marknadsrisiko, er forsikringsselskapa mykje meir utsette, fordi store delar av forvaltningskapitalen er plasserte i verdipapir. Aksjedelen i porteføljane til selskapa har auka noko, særleg som følgje av verdiauken. Fluktasjonar (volatilitet) i marknadsverdi påverkar derfor institusjonane si evne til å innfri forpliktingane sine. Aksjedelen er likevel ikkje større enn at marknadsrisikoen synest moderat. Når det gjeld rentepapir, blir ein stor del av desse haldne til forfall slik at endringar i marknadsrenta ikkje får verknader for verdsetjinga i rekneskapane til selskapa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

St.meld. nr. 13 (2005-2006), Kredittmeldinga 2005 (regjerningen.no)