Marktrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skogsmaskin med lågt marktrykk.

Marktrykket er trykket ein gjenstand utøver mot marka.[1] Marktrykk er ei kraft (med eining N) dividert med arealet (med eining ) krafta verkar over, så det får eining Pa (N/). Omgrepet vert ofte nytta i samband med køyretøy og må ikkje forvekslast med aksellast, som er ein masse med eining kg.

Om ein kjenner aksellasta og arealet til anleggsflata mellom dekka og marka kan ein finna marktrykket som

,

der er aksellasta (i kg), er tyngdeakselerasjonen (i m/s) og er samla areal (i m²) til anleggsflatene mellom alle dekka på akselen og marka. På liknande vis kan ein finna marktrykket til eit beltekøyretøy ved å dividera massen på beltearealet (under føresetnad om at massen er jamnt fordelt).

Praktiske konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Marktrykk har store praktiske konsekvensar for ulike typar køyretøy.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Traktorar har store hjul med lågt lufttrykk for å redusera marktrykket.

For terrengkøyretøy som vert nytta på mark med dårleg bereevne er det ein føremon med så lågt marktrykk som mogeleg, både for å auka framkomstevna og for å redusera skaden på marka. Det same gjeld for jordbruksmaskinar, der høgt marktrykk fører til at jorda vert pakka saman. Skogsmaskinar, traktorar og anna jordbruksreiskapar vert difor utstyrte med hjul med stor anleggsflate, som ein oppnår med å nytta hjul med stor diameter og breidd, saman med lågt lufttrykk. Tilhengarar er ofte utstyrte med boggi for å fordela vekta over eit større areal.

På våt mark med særleg dårleg bereevne vert det i noko mon nytta belte. I jordbruket er beltetraktorar ikkje så utbreidde i Nord-Europa, men i andre land, som til dømes Italia, er dei meir uvanlege. Om til dømes ein beltetraktor har ein masse på 18 tonn og eit belteareal på 2(3 m)(0,5 m) = 3 m² har eit marktrykk på 6 kPa, medan ei kvinne med ein masse på 60 kg og med høghæla sko med eit areal på 1 cm² under kvar hel har eit marktrykk på 300 kPa, som er 50 gongar meir enn bulldosaren. Skogsmaskinar er ofte utstyrte med belte.

Godstransport[endre | endre wikiteksten]

Tilhengaren på denne spesialtransporten, med ei nyttelast på 92 tonn, nyttar mange hjul for å redusera marktrykket. Trekkvogna derimot er «lasta ned» for å auka marktrykket så mykje som mogleg utan å overskrida tillate akseltrykk. Dette for å auka friksjonen mellom dekka og vegbanen.

For å hindra skade på vegen set myndigheitene grenser for aksellastenlastebilar og vogntog, på offentlege vegar. Dette er hovudgrunnen til at lastebilar og vogntog fordeler vekta på mange hjul, ofte i form av tvillinghjul og ein eller fleire boggiar. I teleløysinga om våren kan aksellasten vera redusert på vegar med dårleg fundamentering og det kan vera høge bøter for å overskrida tillaten aksellast.

På glatt føre er det ein føremon at marktrykket på drivhjula er så stort som mogeleg (utan å overskrida tillaten aksellast). På lastebilar med boggi utan tandemdrift kan akslingen utan drift lyftast for å auka marktrykket på drivhjula. Semitrailerar har ofte trippelboggi, der den fremste akslingen kan lyftast for å auka markgrepet på trekkvogna. Dette er nyttig for å auka framkomelegheita i bakkar. Lasta på semitrailerar må fordelast slik at dei ikkje vert for baktunge, noko som både kan redusera framkomelegheita og føra til at trekkvogna sklir ut i ein sving på glatt føre.

Veggrep[endre | endre wikiteksten]

Formel 1-bilar nyttar spoilerar for å auka marktrykket.

For mindre bilar freistar ein ofte å auka marktrykker, for å auka friksjonen mellom dekka og vegbanen. I stor fart kan dette gjerast ved å ustyra bilen med ein spoiler som fungerer som pressar bilen mot vegbanen. Denne metoden vart utvikla for formelbilar, men var etter kvart innført på sportsbilar.

På glatt føre er det ein føremon at drivhjula har så høgt marktrykk som mogeleg. Når farten er låg er einaste måten å auka marktrykket på å auka massen til køyretøyet, slik at vekta aukar. Ved å plassera motoren over drivhjula vert marktrykket større og framkomstevna betre. Frontmotor og framhjulsdrift, eller hekkmotor og bakhjulsdrift er kombinasjonar som aukar marktrykket.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]