Markus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Markus og Marcus er mannsnamn av latinsk opphav. Markus har namnedag den 25. april.

Namnet har opphav i den romerske guden Mars og var brukt av fleire kjende romarar. Det spreidde seg gjennom den kristne verda gjennom evangelisten Markus (gresk Μάρκος). Andre former av namnet er Marc/Mark, Marco/Marko og Marcos. Marcello, Marcel, Marcius er avleidde namn.

Markus og Marcus blir også brukt som slektsnamn, og her er Marx ein tysk variant.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet har vore brukt i Noreg frå 1100-talet. Det var svært populært som døypenamn på 1990-talet. 5 733 norske menn heitte Markus i 2009. 3 995 heitte Marcus.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]