Markvard Armin Sellevoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Markvard Armin Sellevoll (fødd 14. november 1923) er ein norsk geofysikar. Han vart dosent i seismologi ved Universitet i Bergen i 1961 og professor i fastjordfysikk frå 1975 til 1990. Frå 1990 vart han professor emeritus.

Han styrte jordskjelvstasjonen i Bergen frå 1968 til 1974 og spelte ei viktig rolle under oppbygginga av NORSAR. Sellevoll har konsentrert forskinga si om undersøkingar av jordskorpestrukturane i Skandinavia og utforska den norske kontinentalsokkelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Markvard_Armin_Sellevoll» i Store norske leksikon, snl.no.