Marlborough på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For annan bruk av namnet Marlborough, sjå fleirtydingssida Marlborough.
Marlborough
Cape Campbell i Marlborough
Cape Campbell i Marlborough
Cape Campbell i Marlborough
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Marlborough Region
Marlborough District Council
Geografi
Flatevidd 12 484,59 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2009)

45 000
Koordinatar 41°53′″S 173°40′″EKoordinatar: 41°53′″S 173°40′″E
Tidssone UTC+12:00 (UTC+12)
Byar: Richmond, Motueka, Collingwood, Takaka, Brightwater, Murchison, Mapua
Diverse anna
Heimeside: http://www.marlborough.govt.nz/
Plassering
Plassering av Marlborough på New Zealand
Plassering av Marlborough på New Zealand

Marlborough er ein av regionaneNew Zealand, og ligg nordaust på Sørøya. Marlborough er ei sameint styresmakt (unitary authority), administrert som både ein region og som eit distrikt, og administrasjonssenteret ligg i byen Blenheim. Marlborough er kjent for det tørre klimaet sitt, dei vakre Marlborough Sounds og for vinane frå Sauvignon blanc-druer.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Geografisk sett kan Marlborough grovt delast inn i fire. To av delane, i sør og i vest, er fjell-lendte. Dette er særleg tilfelle med den sørlege delen, som hevar seg til fjelltoppane i Kaikoura Ranges. Desse to høgtliggjande delane er den nordlegaste utstrekkinga til den sentrale fjellkjeda Søralpane, sjølv om dette namnet sjeldan vert nytta om fjell så langt mot nord.

Marlborough Sounds sett frå ferja mellom Wellington og Picton.

Mellom desse to områda ligg den lange, relle elvedalen til Wairau River. I austenden vidar han seg ut til vide sletter, og midt på desse ligg byen Blenheim. Dette området har temperert vêrlag og grøderikt jordsmonn, og har slik vorte eit senter for vinindustri på New Zealand.

Den fjerde geografiske delen av Marlborough ligg langs kysten mot nord. Her dannar dei overfløymde elvedalane i Marlborough Sounds svingete og tiltrekkjande kystlinje. Byen Picton ligg i sørenden til eit av dei større sunda, Queen Charlotte Sound .

Viktigaste byar[endre | endre wikiteksten]

Blenheim er regionhovudstaden. Han har også det høgaste innbyggjartalet i regionen.

Dei andre viktigaste byane er:

Innbyggjarar og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser folketettleiken i Marlboroughregionen ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for teiknforklaring.

Marlborough er administrert som ei sameint styresmakt (unitary authority), Marlborough District Council. Mellom 1859 og 1876 hadde Marlborough sitt eige provinsstyre, og var kjend som Marlborough Province.

Mykje av busetnadane i regionen ligg på kystslettene og sør for elvemunningen til Wairau, og i mindre busetnadar langs kysten i «the Sounds». Utanom dei største urbane områda, Blenheim og Picton, har Marlborough byane Havelock, Renwick, Ward og Seddon. I visse samanhengar vert også byen Kaikoura sett på som ein del av Marlborough.

Blenheim.

Vin[endre | endre wikiteksten]

Marlborough kan gjera krav på å ha starta den moderne vinindustrien på New Zealand. Seint på 1970-talet vart det her i Marlborough mellom anna produsert Sauvignon Blanc av ein slik kvalitet at ein vart overtydd om at New Zealand kunne produsera framifrå vinar.

I dag har Marlborough 62% av det totale arealet av vingardar i landet.[2] Det viktigaste drueslaget her er Sauvignon Blanc, tett følgd av Pinot Noir og Chardonnay.

Den sterke kontrasten mellom varme, solrike dagar og kjølige netter hjelper vindyrkarane å forlengja mogningsperioden til vinstokkane meir enn nokon annan stad, og det fører til eit eineståande særpreg av druene. Den største delen av dei utbreidde vinmarkene i Marlborough ligg kring Renwick, Blenheim og Cloudy Bay i Wairau valley. Lenger sør i Awatere valley er det vingardar nær Seddon. Desse ligg for det meste i gamle terrassar etter elvene Wairau og Awatere.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics New Zealand, estimat 30. juni 2009 Arkivert 2011-08-28 ved Wayback Machine.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. oktober 2008, henta 13. desember 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marlborough på New Zealand
Reiseguide for Marlborough frå Wikivoyage