Marmande

Koordinatar: 44°30′N 00°10′E / 44.500°N 0.167°E / 44.500; 0.167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marmande
Gate i Marmande
Gate i Marmande
Gate i Marmande
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Lot-et-Garonne
Grunnlagd Rundt 1195
Geografi
Flatevidd 45,06 km²
Flatevidd
 - By

132 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)
   - folketettleik

18 882
  132/km²
Koordinatar 44°30′N 00°10′E / 44.500°N 0.167°E / 44.500; 0.167
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 47200
Heimeside: www.mairie-marmande.fr

Marmande (oksitansk Marmanda) er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Lot-et-Garonne i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 25 000 innbyggjarar.

Byen er kjend for dyrking av tomater, og ein tomatfestival vert halde her kvart år i juli.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Marmande ligg om lag 50 km nordvest for Agen langs jernbanen frå Bordeaux til Sète. Byen ligg der elva Trec renn i hop med Garonne, ved den høgre breidda til sistnemnde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marmande var ein bastide (festningsby) grunnlagd rundt 1195 av Rikard Løvehjarte over ein eldre by. Han gav byen mykje sjølvstyre. Sidan byen ligg ved breidda av Garonne kunne ein krevje inn skattar frå forbipasserande. Han kom snart inn under grevane av Toulouse, og vart tre gonger omleira og erobra under Albigenesarkrosstoget. Då Amaury de Montfort erobra byen i 1219 massakrerte han alle innbyggjarane. Byen vart ein del av Frankriket under Louis IX. Andre viktige historiske hendingar for byen er ein kort okkupasjon av engelskmenna i 1447, ei mislykka omleiring av Henrik IV i 1577 og motstanden han gjorde mot ein divisjon av Wellington sin hær i 1814.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.insee.fr/fr/ppp/bases-de-donnees/recensement/populations-legales/pages2008/xls/dep47.xls