Marmaraøya

Koordinatar: 40°37′N 27°37′E / 40.617°N 27.617°E / 40.617; 27.617
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av øya

Marmara er ei tyrkisk øy i Marmarahavet. Ho er den nest største øya i Tyrkia (etter Gökçeada) og den største øya i Marmarahavet. Øya ligg midt i provinsen Balıkesir. Det går både båt og ferje til øya frå Istanbul, og motorbåt frå Tekirdağ og Erdek.

Det er funne spor etter joniske grekarar på øya frå 2000-talet fvt. I antikken heitte øya Proconnesus eller Prokonnesos (Προκόννησος). I 493 fvt. vart ho brunne av ein fønikisk flåte som kjempa for Darius.[1] I 410 erobra Alcibiades øya for atenarane.[1]

Under regjeringstida til Konstantin den store på 300-talet slo aristokratar frå Konstantinopel seg først ned på øya. I 569 hadde dei bygd fleire palass på øya. Det største vart bygd av keisar Justinian I. Justinian bygde òg eit stort nonnekloster på Marmara som er eit av dei tidlegaste nonneklostera ein kjenner til i historia. Frå Austromarriket fall til åra rett etter fyrste verdskrigen var øya nesten utelukkande busett av gresk-ortodokse grekarar.[2]. Under den første verdskrigen vart dei fleste innbyggjarane på øya tvinga over til fastlandet, og etter krigen førte folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia i 1923 til at alle dei gjenverande grekarane på øya vart flytta til Hellas og andre stader i verda.

Den 4. januar 1935 vart Marmaraøya råka av eit kraftig jordskjelv. I lag med naboøyane Avşa og Paşalimanı mista fem personar livet, 30 vart skadde og fleire landsbyar vart øydelagde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1  «Proconnesus». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913. 
  2. «ΠΟΛΙΤΙΣΤΙΚΗ ΠΥΛΗ ΤΟΥ ΑΡΧΙΠΕΛΑΓΟΥΣ ΤΟΥ ΑΙΓΑΙΟΥ - Diocese of Proconnesus». 10. juni 2013. Henta 10. juni 2013. 
  3. «Erdek-Marmara Adaları Depremi 04 Ocak 1935» (på tyrkisk). İBB AKOM. Henta 7. august 2012. 

40°37′N 27°37′E / 40.617°N 27.617°E / 40.617; 27.617