Marmara Ereğlisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marmara Ereğlisi er ein by og eit distrikt i provinsen Tekirdağ i Marmararegionen i Tyrkia. Byen har kring 15 000 innbyggjarar. Ereğli ligg 30 km aust for byen Tekirdağ, og 90 km vest for Istanbul nær eit lite nes på nordsida av Marmarahavet. Han vert kalla Marmara Ereğlisi for å skilje han frå to andre byar i Tyrkia med namnet Ereğli, ein i provinsen Konya (Konya Ereğlisi), og den andre ved kysten av Svartehavet (Karadeniz Ereğli).

Grekarar frå øya Samos grunnla ein koloni her i 600 fvt. På gammalgresk hadde staden namnet Perinthos (Πέρινθος), og seinare Heraklea (Ἡράκλεια), som er opphavet til den moderne byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°N 28°E