Mars Reconnaissance Orbiter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kunstnar si førestilling av MRO i bane over marsoverflata
MRO fotograferte den 19. februar 2008 eit snøskred i nærleiken av nordpolen på Mars. Dette biletet er eitt av få som viser pågåande geologisk aktivitet på Mars. Biletet er i falske fargar.
Jorda og månen fotografert av The High Resolution Imaging Science Experiment-kameraet (HiRISE) ifrå krinsløp rundt Mars.

Mars Reconnaissance Orbiter (MRO) er ein NASA-sonde i bane rundt planeten Mars. Romfartøyet kosta 720 millionar USD og blei bygd av Lockheed Martin under oppsyn av Jet Propulsion Laboratory (JPL). MRO blei skote opp 12. august 2005 og gjekk inn i bane rundt Mars 10. mars 2006. Etter fem månader med aerobremsing var MRO i november 2006 endeleg i banen som den skulle utføra dei vitskaplege observasjonane ifrå.

MRO har med seg ei rekkje vitskaplege instrument, som kamera, spektrometer og ein radar som ein nyttar til å analysera landformer, stratigrafi, mineral og is på Mars. Sonden banar veg for framtidige landingssondar med daglege rapportar om vêr- og bakkeforhold, studie av moglege landingsplassar og ved å fungera som ein mellomstasjon for kommunikasjon mellom marsoverflata og jorda. Telekommunikasjonssystemet om bord vil overføra meir data tilbake til jorda enn alle tidlegare interplanetariske ferder kombinert og vil som nemnt kunna fungera som ein kraftig reléstasjon for framtidige ubemanna marslandingar. [1]

Ferdmål[endre | endre wikiteksten]

MRO vil vera verksam i to år, ifrå november 2006 til november 2008. Eit av hovudmåla med ferda er å kartleggja marslandskapet med høgoppløysningskameraet for å lettare kunna velja landingsstader for framtidige marslandingssondar. MRO spela ei viktig rolle då landingsstaden til Phoenix-sonden som skal utforska nordpolen til Mars skulle veljast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Spacecraft Parts: Telecommunications - NASA si MRO-nettside