Marshalløyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Aolepān Aorōkin M̧ajeļ
Republic of the Marshall Islands

(norsk: Marshalløyane, marshallesisk)

Det marshallesiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Forever Marshall Islands»
Geografisk plassering av Marshalløyane
Offisielle språk Engelsk, marshallesisk
Hovudstad Majuro
Styresett
Republikk
Christopher Loeak
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
181 km² (192.)
nær 0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
68 480 (190.)
378,3 /km² (20.)
Sjølvstende
frå USA
21. oktober 1986
Nasjonaldag 1. mai
BNP
 – Totalt (2009)
 – Per innbyggjar
 
134 mill. USD (193.)
2 500 USD (148.)
Valuta Amerikansk dollar
Tidssone UTC +12
Telefonkode +692
Toppnivådomene .mh


Marshalløyane, offisielt Republikken Marshalløyane, er ein øystat i Stillehavet, nord for Nauru og Kiribati, aust for Mikronesiaføderasjonen og sør for Wake Island.

Landet er samansett av 29 atollar og 5 isolerte øyar. Dei viktigaste atollane og øyane dannar to grupper: Ratak-kjeda og Ralik-kjeda, som betyr soloppgang- og solnedgangkjedene. To tredelar av innbyggjarane i landet bur på øyane Majuro, som òg er hovudstaden, og Ebeye. Dei ytre øyane er tynt busett på grunn av få høve til sysselsetjing og økonomisk utvikling.

Kart over Marshalløyane

Klima [endre]

Marshalløyane har tropisk klima med årlege middeltemperaturar omkring 27 °C. Årsnedbøren varierer frå 500 mm i nord til kring 4000 mm i sør. Dei flate øyane er særleg utsette for tropiske syklonar, som både kjem oftare og med auka styrke gjennom 1990-åra.

Kjelder [endre]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.