Månane til Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marsmånane)
Phobos (øvst) og Deimos (nedst).

Marsmånane er dei to naturlege satellittane til planeten Mars, Phobos og Deimos, som sannsynlegvis er innfanga asteroidar.

Sett i frå eit område nær ekvator på Mars, vil ei full Phobos-skive sjå omtrent éin tredjedel så stor ut som ein fullmåne her på jorda. Phobos-skiva har ein vinkeldiameter på mellom 8' (stigande) og 12' (høgst på himmelen). Den vil sjå mindre ut når observatøren er lengre borte frå Mars’ ekvator, og er usynleg frå iskalottane av di den alltid er under horisonten. Deimos ser meir ut som ei lys stjerne eller ein planet for ein observatør på Mars, litt større enn det Venus verkar på jorda; vinkeldiameteren er på omtrent 2'. I samanlikning er vinkeldiameteren til sola på Mars omtrent 21'. Slik er det ingen totale solformørkingar på Mars, sidan månane er for små til å heilt formørka solskiva. Derimot skjer det totale måneformørkingar nesten kvar natt.

Phobos og Deimos sine rørsler over nattehimmelen tar seg ut mykje forskjellig frå dei til vår eigen måne. Phobos står opp i vest og går ned i aust på berre elleve timar, medan Deimos, som er rett utanfor i ein synkron bane, står òg opp i aust, men går ned sakte. Trass i ein omløpsperiode på 30 timar, brukar Deimos 2,7 dagar på å gå ned i vest.

Begge månane har bunden rotasjon og vender alltid den same sida mot Mars. Sidan Phobos kretsar rundt Mars fortare enn planeten sjølva roterer, vil tidvasskrefter sakte men sikkert redusera baneradiusen. Ein gong i framtida vil Phobos nå roche-grensa og bli brekt opp i bitar av desse tidvasskreftane. Fleire «snorer» av krater på marsoverflata, inklinerte meir frå ekvator dess eldre dei er, hintar til at det har eksistert fleire små marsmånar tidlegare i historia; og at marsoverflata i ein heilskap har flytta seg mellom desse hendingane. I motsetning til Phobos, går Deimos i bane langt nok unna Mars til at baneradiusen blir stadig større, det same som skjer med jordas måne.

Begge satellittane blei oppdaga i 1877 av Asaph Hall, og fekk namn etter figurane Phobos og Deimos som i gresk mytologi følgde faren sin, krigsguden Ares, i strid. Ares var kjend som Mars for romarane.

Det har blitt gjort søk etter fleire satellittar. Nyleg søkte Scott S. Sheppard og David C. Jewitt gjennom nesten heile hill-sfæren til Mars for småmånar. Spreidd lys frå Mars ekskluderte dei inste få bogeminutta der Phobos og Deimos held til. Inge nye satellittar blei funne. Søket kunne finna objekt ned til 0,09 km ved ein albedo på 0,07.[1]

Banedetaljar[endre | endre wikiteksten]

Marsrovaren Spirit på Mars observerer Deimos (venstre) og Phobos (høgre) medan dei passerer framom skytten den 26. august 2005.
Namn Bilete Diameter (km) Masse (kg) Store halvakse (km) Omløpstid (t) Gjennomsnittleg måneoppgang
periode (t, d)
Mars I Phobos
22,2 km (27×21,6×18,8) 1,08×1016 9377 km 7,66 11,12 h (0,463 d)
Mars II Deimos
12,6 km (10×12×16) 2×1015 23,460 km 30,35 131 t (5,44 d)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sheppard, Scott S.; Jewitt, David; Kleyna, Jan (2004-11). «A Survey for Outer Satellites of Mars: Limits to Completeness». The Astronomical Journal 128 (5): 2542–2546. ISSN 0004-6256. doi:10.1086/424541. 
Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet