Marstein fyrstasjon

Koordinatar: 60°07.804′N 5°00.627′E / 60.130067°N 5.010450°E / 60.130067; 5.010450
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marstein fyrstasjon

Marstein fyr ein sommardag i juli 2008 med svart hav.
FylkeVestland
KommuneAustevoll
FunksjonKystfyr
Oppretta1887
Koordinatar60°07.804′N 5°00.627′E / 60.130067°N 5.010450°E / 60.130067; 5.010450
Fyrtårn
Høgd17,3 m
FormKvitt hus med tårn
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterBlink kvart 10. sekund
Bifyr: Okkulterande raudt lys kvart 8. sekund.
Lysstyrke84 000 cd
Lyshøgd38 moh.
Lysvidde10,6 nm
Status
EigarAustevoll kommune
Automatisert1987
Avfolka2002
Kart
Marstein fyr
60°07′48″N 5°00′38″E / 60.1301°N 5.01045°E / 60.1301; 5.01045

Marstein fyr i Austevoll kommune i Vestland er eit kystfyr som vart bygd i 1887.

Marstein fyrstasjon is located in Hordaland
Plasseringa til Marstein fyrstasjon
Marstein fyr ligg ytst i havgapet, men denne dagen i juli 2008 var det så stille som det kan få verte.
Bygningane på Marstein fyrstasjon

Marsteinen er ein holme som ligg ved inngangen til Korsfjorden og dermed innseglinga til både Bergen og Hardangerfjorden. Fyret består av eit kvitt betonghus med tårn. Den franske linsa som vart montert då fyret vart oppført er framleis i bruk, sjølv om han har skår frå skot under den andre verdskrigen. Det finst òg eit bifyr i same tårn med raudt lyst.

Fram til 1916 hadde fyret ein nautofon som vart nytta som tåkelur, medan radiofyr, som hadde ei rekkjevidd på 50 natuiske mil var i drift til 1923.

Fyret vart automatisert i 1987 og avfolka i 2002. Etter avfolkinga overtok Austevoll kommune Marsteinen samt fyret i august 2006.

Både næringslivet, Austevoll kommune og regjeringa har sett av midlar til å gjere Marsteinen til ein turistattraksjon. Utfordringa er den vêrharde plasseringa ytst i havgapet og dårleg tilkomst.

Fyret er eit av dei mest vêrutsette fyra langs norskekysten, noko dei mange forlisa i nærleiken er bevis på. I januar 2005 vart delar av bygningane på Marsteinen sterkt skadde av ekstremvêret Inga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marstein fyrstasjon