Marsvinfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marsvinfamilien


Ung og eldre pampashare (Dolichotis patagonum)
Ung og eldre pampashare (Dolichotis patagonum)

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Rodentia
Familie: Caviidae
Underfamiliar
  • Caviinae
  • Dolichotinae
  • Hydrochoerinae
Vitskapleg namn
Caviidae

Marsvinfamilien (Caviidae) er søramerikanske pattedyr som høyrer til ordenen gnagarar. Han omfattar 18 artar, mellom anna marsvin, flodsvin og pampashare (mara). Dei er planteetarar som held til i ulike biotopar i Sør-Amerika, frå fuktige grasområde til torneskog og ørken.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dyra er tettbygde og har korte øyrer og bein og nesten ingen hale. Dei har tjukke, breie klør. Pelsen deira er som regel grå eller brun. Dei minste dyra er rundt 22 cm lange medan dei største, som flodsvinet, kan bli opptil 134 cm. Dei fleste dyra veg mellom 0,3 og 1 kg, men pampasharen kan bli opptil 8–9 kg og flodsvinet heile 65 kg. Flodsvinet er den største nolevande gnagaren. Utdøydde dyr innan familien som levde under pliocen kunne bli endå større, til dømes Phugatherium, på storleik med ein tapir.

Marsvin som husdyr, som her i Peru, blir gjerne haldne i flokkar.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike dyra lever på blad eller gras. Mange av dei har liten sosisal organisasjon og dannar ikkje par. Hjå nokre av dei dannar hannar harem med to eller fleire hoer. Flodsvin lever derimot i grupper på rundt ti individ organiserte rundt ein dominant hann, fleire hoer, underordna hannar og ungdyr. Pampasharen er monogam, og hoer med avkom går saman om å passa det i fellesskap.

I dei fleste artane er fostertida mellom 50 og 90 dagar, men flodsvinet er drektig i 150 dagar. Hoene føder to eller tre hårkledde og aktive ungar. Ungdyra i dei fleste artane blir vaksne etter nokre månadar, men hjå flodsvinet tek det rundt 18 månader.

Kerodon rupestris, klippemarsvin.
Galea monasteriensis

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

I familien Caviidae finn ein:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Herrera, E., Lacher, T.E., Macdonald, D., & Taber, A.B. (1984). Macdonald, D.. ed. The Encyclopedia of Mammals. New York: Facts on File. ss. 690–699. ISBN 0-87196-871-1. 

  • Savage, RJG, & Long, MR (1986). Mammal Evolution: an illustrated guide. New York: Facts on File. ss. 125–126. ISBN 0-8160-1194-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marsvinfamilien
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.