Martha My Dear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martha My Dear
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 4. oktober 1968
Sjanger Varieté[1]
Lengd 2:28
Selskap Apple Records
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Martha My Dear» er ein song av The Beatles frå albumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Songen vart spelt inn 4 og 5. oktober 1968.

McCartney har sagt at songen omhandlar musa hans, som i gresk mytologi er dei ni vassnymfene som inspirer menneska til kunstaktivitar, og at stemma i hovudet hans fortalde han kva ord han skulle syngje og kva musikk han skulle spele. Musa til McCartney er altså Martha, men han eigde òg ein sauehund med same namn. Ho skal visstnok ikkje vere tema i denne songen. På eit generelt nivå er likevel songen ein enkel kjærleikssong:

Martha my dear
though I spend my days in conversation
please remember me
Martha my love don't forget me
Martha my dear

Songen har eit barokk-inspirert piano som ein kan høyre gjennom heile songen saman med eit messingorkester. «Martha My Dear» er ein typisk song for The Beatles frå denne perioden, modulert musikk, og jamn og glatt gjennom anslaga.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Paul McCartney – solovokal, piano, bass, trommer, elektrisk gitar, klapping, blåsar- og strykearrangement
  • George Martin – blåsar- og strykearrangement
  • Bernard Miller – fiolin
  • Dennis McConnell – fiolin
  • Lou Sofier – fiolin
  • Les Maddox – fiolin
  • Leo Birnbaum – bratsj
  • Henry Myerscough – bratsj
  • Reginald Kilbey – cello
  • Frederick Alexander – cello
  • Peter Halling - cello
  • Leon Calvert – trompet, flygelhorn
  • Stanley Reynolds – trompet
  • Ronnie Hughes – trompet
  • Tony Tunstall – valthorn
  • Ted Barker – trombone
  • Alf Reece – tuba
Personel per Ian MacDonald[2] og Mark Lewisohn[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]