Martin Höllwarth
Martin Höllwarth (fødd 13. april 1974) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Schwaz i Tirol. Han vann to individuelle OL-sølv i 1992 og ei VM-bronse i 2001. Både i 2001 og 2005 var han med på austerrikske firemannslag som vann VM-gull, siste gongen til og med to gullmedaljar. Höllwarth representerte skiklubben SC Mayrhofen.
Innhaldsliste |
Aktiv [endre]
Höllwarth var ein av dei fyrste austerrikske skihopparane som hoppa med V-stil. I 1991, knapt sytten år gammal, vart han juniorverdsmeister i skihopping. Han debuterte i verdscupen romjula 1991, der han vart nummer fire i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Straks etter hoppveka fekk han i Predazzo sin fyrste siger i eit verdscuprenn. Seinare i OL-sesongen vann Höllwarth tre sølvmedaljar under vinter-OL 1992i Albertville. I normalbakken kom han bakom landsmannen Ernst Vettori og i storbakken var finske Toni Nieminen dein som overgjekk han. I lagtevlinga fekk Höllwarth sølvmedalje saman med Ernst Vettori, Andreas Felder og Heinz Kuttin.
Dei fem sesongane 1993-97 var Höllwarth sjeldan å finne dei beste på resultatlistene i verdscupen. Berre ein og annan gongen slumpa han til å gjere to gode hopp, og kunne dermed notere seg for nokre få sigrar.
Frå 1998 til 2005 var Höllwarth tilbake mellom dei beste skihopparane i verda. Særleg flink og stabil var han i dei fire siste sesongane i perioden, og både i 2004 og 2005 kom han på femteplassen i verdscupen. Höllwarth vann åtte individuelle verdscuprenn, det fyrste i januar 1992 og det siste i januar 2005. 28 gongar (8-6-14) kleiv han på pallen i verdscuprenn.
Höllwarth la opp som skihoppar i 2008. Han bur i dag i Mieming.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap [endre]
- OL 1992 i Albertville: Sølvmedalje både i normalbakken og i storbakken
- VM 1993 i Falun: Nr 16 i normalbakken
- VM 1997 i Trondheim: Nr 12 i normalbakken
- VM 1999 i Ramsau: Nr 5 i normalbakken
- VM 2001 i Lahti: Bronsemedalje i normalbakken og nr 4 storbakken
- OL 2002 i Salt Lake City: Nr 14 i storbakken
- VM 2003 i Val di Fiemme: Nr 7 i normalbakken
- VM 2005 i Oberstdorf: Nr 9 i storbakken
Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap [endre]
- OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje, saman med Stefan Horngacher, Reinhard Schwarzenberger og Andreas Widhölzl
- VM 1999 i Ramsau: Bronsemedalje, saman med Horngacher, Schwarzenberger og Widhölzl
- VM 2001 i Lahti: Gullmedalje og bronsemedalje; saman med Horngacher, Wolfgang Loitzl og Andreas Goldberger
- VM 2005 i Oberstdorf: To gullmedaljar, begge saman med Loitzl, Widhölzl og Thomas Morgenstern.
Verdscupsigrar [endre]
| Nr. | Dato | Stad | Land |
|---|---|---|---|
| 1. | 10. januar 1992 | Predazzo | Italia |
| 2. | 19. desember 1992 | Sapporo | Japan |
| 3. | 5. februar 1997 | Willingen | Tyskland |
| 4. | 7. desember 2002 | Trondheim | Noreg |
| 5. | 14. desember 2002 | Titisee-Neustadt | Tyskland |
| 6. | 15. desember 2002 | Titisee-Neustadt | Tyskland |
| 7. | 18. januar 2004 | Zakopane | Polen |
| 8. | 6. januar 2005 | Bischofshofen | Austerrike |
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Martin Höllwarth» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Martin Höllwarth» frå Wikipedia på tysk, den 4. desember 2012.