Martin Heinrich Klaproth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Heinrich Klaproth

Martin Heinrich Klaproth (1. desember 17431. januar 1817) var ein tysk kjemikar som oppdaga dei tre grunnstoffa uran, zirkonium og titan.

Klaproth gjorde mykje for å forbetra og systematisera framgangsmåtane innan analytisk kjemi og mineralogi. Gjennom arbeidet sitt både oppdaga han og identifiserte som grunnstoff uran, zirkonium og [[titan. Han fann òg fram til oppbyggjinga av fleire samansette stoff, mellom anna dei som inneheldt dei nyleg oppdaga grunnstoffa tellur, strontium, cerium og krom.

Vitskapsmannen som skulle bli leiande innan kjemifaget i Tyskland starta som apotekar. Han var fødd i Wernigerode og hadde først assistenjobbar i apotek i Quedlinburg, Hannover, Berlin og Danzig (Gdańsk) før han slo seg ned i Berlin som styrar av eit apotek i 1771. Etter å ha gifta seg med den velståande Christiane Sophie Lehmann, niesa til apotekaren Andreas Sigismund Marggraf, blei han eigaren av Bären-Apotheke i byen i 1780.

Frå 1782 var Klaproth tilsett ved Ober-Collegium Medicum, og fem år seinar blei han førelesar i kjemi for det kongelege prøyssiske artilleriet. Då universitet i Berlin blei grunnlagd i 1810 blei han utnemnd til professor i kjemi.

Martin Klaproth blei ramma av slag første nyttårsdag og døydde i Berlin.

Sonen hans, Heinrich Julius Klaproth, hadde gått mot faren sin vilje og blei ein orientalist og oppdagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Martin Heinrich Klaproth