Martin Hole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Martin Hole (fødd 28. juli 1959) på Geilo er ein norsk, tidlegare langrennsløpar. Han vart noregsmeister to gongar, på 15 km i 1985 og 30 km i 1986. Dessutan vann han ein sølvmedalje og fire bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplasseringa i store internasjonale meisterskap kom under verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 1987 då han vart nr 11 på 50 km. Fremste internasjonale prestasjonen var likevel tredjeplassen i verdscuprennet i Falun i 1986. Hole var medlem av Geilo Idrettslag.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Nr 9 på 30 km, Sarajevo
  • 1985: Nr 8 på 15 km, Holmenkollen, nr 14 på 15 km under VM, Seefeld
  • 1986: Nr 3 på 30 km, Falun
  • 1987: Nr 6 på 50 km, Holmenkollen, nr 11 på 50 km under VM, Oberstdorf
  • 1987/8: Nr 10 på 15 km, La Clusaz

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1980: Nr 9 på femmila, Vingrom
  • 1982: Nr 12 på 30 km, Raufoss
  • 1983: Sølvmedalje på 50 km, Lillehammer
  • 1984: Nr 6 på 50 km, Hof
  • 1985: Gullmedalje på 15 km, bronsemedalje på 50 km, Tromsø
  • 1986: Gullmedalje på 30 km, bronsemedalje på 50 km, Vang
  • 1987: Bronsemedalje på 50 km, Steinkjer
  • 1988: Bronsemedalje på 50 km, Vang
  • 1989: Nr 9 på 15 km, Geilo

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar